Lokal | 14. mars 2014

Kvinne mista lappen på Hatvik

UP målte fredag ettermiddag snittfarten til tre bilistar som prøvde å rekka ferja.

Kvinne mista lappen på Hatvik
UP på Hatvikvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. mars 2014 20:02

Fredag frå klokka 15 til 18.30 har utrykningspolitiet hatt trafikkontroll i Os.

– Vi målte snittfarten i 50-sona på Havikvegen. Trass i at vi kjørte uniformert bil var det fleire som heldt veldig høg fart, fortel politibetjent Trude Lande.

Ei kvinne på rundt 30 år, som skulle rekka 15.10-ferja, blei stoppa klokka 15.07 etter å ha blitt målt i 1,1 kilometer.

– Når vi trekk frå tryggleiksmarginen var snittfarten likevel 77 km/t. Det førte til førarkortbeslag.

2 x 3 prikkar

Klokka 15.48 blei det stoppa ein mannleg bilist som var målt i 71,5 km/t. Han rakk ikkje 15.50-ferja, men fekk 6500 i forelegg i 3 prikkar på førarkortet.

Det går også ei ferje klokka 17.05, og klokka 17.04 blei nok ei kvinne målt i høg fart.

Ho kjørte i 69,7 km/t og fekk 4200 kroner i forelegg og 3 prikkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.