Kvinne sat fast i heis
Os brannvesen rykte ut klokka 05.30 torsdag morgon, og måtte sveiva heisen ned i kjellaren for å få kvinna ut.
Klokka 05.28 blei Os brannvesen varsla om heistrøbbel på Os barneskule. Ein reinhaldar på veg ned nokre etasjar sat fast mellom to av dei.
– Alle heisane i kommunale bygg har alarmknapp som er kopla direkte til vår vakttelefon, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Dermed blei ventetida kort for kvinna.
Måtte løysast manuelt
Brannvesenet har nøklar til alle dei kommunale heisane og dei tekniske romma, og klarer som oftast fint å få frigjort folk som er fanga utan å skada heisen.
– Ein omstart på systemet er ofte nok, men dette fungerte ikkje i dag.
– Det er heldigvis manuelle måtar å gjera dette på. Vi fekk sveiva heisen ned til kjellaretasjen og då fekk vi òg opp døra, fortel Monsen.