Lokal | 02. mars 2014

Kvinne sparka mann ned trapp

Tjuveri, husokkupantar i bubil, vald og trugslar mellom partnarar og kjøring i narkorus er blant det politiet har fått inn av meldingar i helga.

Kvinne sparka mann ned trapp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. mars 2014 09:57

Laurdag i 14-tida fekk politiet melding frå ei kvinne som meinte nokon har vore inne i huset hennar i løpet av natta og stole 800 kroner frå veska hennar.

– Ho har forklart at ho har mista ein kopi av husnøkkelen, og at ein namngjeven person veit om dette. Vi har ikkje fått kontakt med vedkomande, seier politibetjent Anne Lyssand.

I 15.30-tida laurdag fekk politiet melding om tjuveri av sko frå ein butikk i Os sentrum.

Politiet har fått registreningsnummeret på bilen mistenkte kjørte. Bilen er registrert i utlandet.

Mann utsett for vald av kvinne

I 4-tida natt til søndag fekk politiet melding om bråk mellom mann og kvinne i ein privat bustad.

– Kvinna skal ha sparka mannen ned trappa. Mannen hadde blåveis og kutt i panna og blei kjørt til legevakt.

Politiet fekk laurdag melding om to andre tilfelle av bråk og trugslar mellom partnarar, og har vore ute og mekla utan å fjerna nokon frå bustaden.

I 3-tida i natt kom melding om slåstkamp på ein privatfest i Lysefjorden. Den rakk ikkje politiet ut på.

Ransaking etter kjøring i narkorus

I 23-tida stoppa politiet ein bil der førar er mistenkt for kjøring i rusa tilstand.

– Det blei tatt prøvar av både den kvinnelege føraren og mannen som var passasjer. På mannen blei det funne mindre mengder narkotika.

Begge er mistenkt for bruk av narkotika. I tillegg blei det ransaking av heimen deira, der politiet fann mindre mengder hasj.

"Okkuperte" bubil

Rundt midnatt natt til søndag fekk politiet melding frå ei som er på reise, som fortalte at nokon har tatt tailhald i bubilen hennar medan ho er vekk.

Politiet blei bedt om å fjerna ei kvinne og ein mann frå bubilen og ta frå dei nøklane.

– Patruljen har vore ute på staden. Det er litt uklart ut frå notatane kva det enda med, seier Lyssand.

Moped med blålys

Fredag i 23.30-tida hadde politiet kontroll av dokument og promille i Os sentrum.

Det blei skrive ut tre gebyr til bilførarar som ikkje hadde førarkort med seg og eitt for manglande vognkort.

Rundt midnatt flytta politiet seg til Hagavik, der dei stoppa nokre mopedar.

Ein av dei hadde blått lys og blir meldt for dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.