Lokal | 22. juni 2014

Kvinne tatt med båtpromille

Politiet ber om tips etter ulovleg fiske med garn i Os hamn. Kjølen tok kvinneleg båtførar med til blodprøvetaking.

Kvinne tatt med båtpromille
Kjølen på patrulje i Os hamn i natt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. juni 2014 07:28

Utselt bryggedans på Os Sjøfront og Ausekarane på nabobrygga var med på å gjera det ekstra livleg i Os sentrum og Os hamn laurdag kveld.

– Det var mykje folk ute, både på bryggene og på utestadane.

– Men vi har ikkje notert oss nokre konfliktar eller tull relatert til festinga, folk var i godt humør og oppførte seg eksemplarisk, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Fyllekjøring og ulovleg fiske

Medan folk oppførte seg fint på land var politibåten Kjølen på patrulje i hamna.

– Rundt klokka 00.30 tok dei ei kvinne i slutten av 40-åra som er mistenkt for promillekjøring.

Utandingsprøve indikerer 1,6 i promille og kvinna blei tatt med til blodprøvetaking mistenkt for å kjøra båt i påverka tilstand.

– Det kom også to ulike meldingar om ulovleg fiske med garn i Os hamn. Ein båt skal også ha fått garn i propellen.

– Kjølen var då opptatt. Vi har signalement på to båtar, men ønskjer fleire tips om nokon har kjennskap til dette, seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.