Lokal | 13. feb. 2017

Kvinne tatt med lågpromille

Laurdag formiddag hadde politiet trafikkontroll i Lysefjorden, søndag sto dei på Halhjemsvegen.

Kvinne tatt med lågpromille
Politiet hadde kontroll på Halhjemsvegen, mellom Lunde og Haugland, søndag formiddag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 13. feb. 2017 09:30

Søndag frå klokka 9.30 hadde politiet trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen, ved Reset (mellom Lunde og Haugland).

– Ei kvinne i 40-åra blei tatt med promille, men prøve tatt på staden indikerer lågpromille, så det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Kvinna blei tatt med til blodprøvetaking og er meldt.

24 kontrollerte i Lysefjorden

Laurdag formiddag frå klokka 9.50 hadde politiet trafikkontroll på Lyseklostervegen.

Alle 24 kontrollerte førarar var edru, men éin av dei hadde gløymt å ta med seg førarkortet og fekk gebyr.

Også i løpet av laurdag kveld og natt til søndag blei det litt å ta tak i i trafikken, der det blei delt ut nokre pålegg grunna ulike manglar.

Mista lappen etter trafikkulykke

I 15-tida søndag var det ein frontkollisjon på E39 ved Røykenes.

– Bilen som hadde retning Os skal ha kome over i motsett køyrefelt og inn i sida på bilen som hadde retning Bergen.

– Det er tatt beslag i førarkortet til sjåføren av bilen frå Bergen, ein mann i 20-åra frå ein nabokommune.

Ingen blei alvorleg skadd i ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.