Lokal | 30. mars 2014

Kvinne tatt for narko-omsetnad

Ransaking hos kvinne i 20-åra styrka mistanken om at kvinna omset narkotika. Politiet vil ha ho fengsla.

Kvinne tatt for narko-omsetnad
ill.foto: KVB
Andris Hamresundag 30. mars 2014 08:55

Laurdag ettermiddag gjekk politiet til aksjon mot husværet til ei kvinne i 20-åra nord for Os sentrum.

– Ransakinga skjedde på mistanke om at kvinna sel narkotika.

– I husværet fann vi både narkotika og andre ting som gjer at mistanka er styrka.

– Kvinna blei sett i arresten og vil bli framstilt for fengsling i morgon, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

Fengslinga kjem med bakgrunn i funna, pluss tidlegare saker kvinna har på seg.

Tissa i sentrum

Ein mann i 40-åra blei natt til sundag tatt for å urinera på offentleg stad.

– Han gjorde frå seg utanfor ein utestad i Os sentrum.

– Han var villig til å vedta ei bot, så den kjem nok i posten til han i løpet av dei nærmaste dagane, avslutter Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.