Kvinneleg vakt frå Os fekk bank i Bergen
Var på jobb og skulle stoppa slåstkamp.
Tysdag blei det avsagt dom i ei sak mot ein mann i slutten av 20-åra frå Askøy.
Han hadde blitt kasta ut av ein utestad i Bergen fordi han blei vurdert som for full, men kom seg inn igjen og hamna i slåstkamp på dansegolvet.
Han var tiltalt for å skubba og slå ein vakt som skulle skilja slåstkampen. Vakten er ei kvinne frå Os som bur og jobbar i Bergen.
Sjukmeldt i over ein månad
Episoden skjedde i oktober i fjor. Fornærma forklarte i retten at ho ville hjelpa ein bartendar med å skilja dei to som slåst, men at ho blei slått eller skubba hardt i magen, og ramla bakover og slo ryggen i ei hylle på veggen.
Då ho fekk blikkontakt med tiltalte, som ho hadde kasta ut tidlegare på kvelden, slo han ho i ansiktet med knytta hand. Slaget trefte midt på nasa, så ho fekk hovudet slengt bakover og inn i ein vegg.
Ho hadde smerter i nase og nakke og blåmerke på ryggen etter valdsepisoden, og var sjukmeldt til starten på desember, først 100 % så 50 %.
– Fekk blackout
Tiltalte møtte i retten og sa seg ikkje skyldig. Han forklarte at han hadde klådd på ei dame på dansegolvet då ein som viste seg å vera kjærasten hennar dukka opp og tok tak i han. Så hugsar han ikkje meir før han blei tatt ut av utestaden av vaktar.
Retten tok imot forklaring frå fleire vitne, blant desse to bartendarar, i tillegg til journal frå lege som skildra skadene. Vitna støtta fornærma si forklaring.
Må betala 30.000 i oppreising
Fornærma har forklart om vedvarande smerter i nakke og skuldre, noko som har påverka praktisering av ein annan jobb ho har, som hudpleiar.
«Retten finner det videre hevet over enhver rimelig tvil at tiltalte, vurdert som edru, burde ha forstått at voldsutøvelsen mot fornærmede ville få en slik skadefølge. Slag mot hodet er svært alvorlig, og kan få svært alvorlige konsekvenser. Etter rettens vurdering er det kun tilfeldigheter som avgjør skadefølgen» skriv Nordhordland tingrett.
Tiltalte blei dømt til 60 dagar fengsel og til å betala 1.395 kroner i erstatning (fysioterapitimar) og 30.000 kroner i oppreisingserstatning. Han må òg betala 6000 kroner i sakskostnadar.