Koronaviruset. (Foto: FHI)
Koronaviruset. (Foto: FHI)

To kvinner smitta - begge var på jobb mens dei kan ha vore smitteførande

Kommunen ber butikk-kundar ta symptom på alvor.

Kjetil Vasby Bruarøy
16. september 2020 - 13:49

To kvinner i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har i dag testa positivt for covid-19.

Begge to har same smittekjelde i ein annan kommune.

Begge har vore på jobb på Kiwi Idrettsvegen på Os i perioden frå torsdag 10. september til og med laurdag 13. september - i ein periode dei kan ha vore smitteførande.

Handla du her mellom torsdag og laurdag? Då bør du vera ekstra merksam på symptom. (Foto: KVB)
Handla du her mellom torsdag og laurdag? Då bør du vera ekstra merksam på symptom. (Foto: KVB)

– Vi ber difor personar som har vore i denne butikken i det aktuelle tidsrommet om å vere ekstra merksame på symptom på koronasmitte, skriv kommunen på sine heimesider.

Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, skal du testa deg for korona. Her kan du lesa meir og bestilla test.

Dette er smittetilfelle nummer 27 og 28 i Bjørnafjorden kommune, det 11. og 12. etter sommaren.

8 av dei 12 som er smitta i haust er kvinner i 20-åra, to andre er menn i 20-åra.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no: 
* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra. 
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune. 
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.

Les meir om

Lokal Korona