F.v.: Politiførstebetjent Rune Fimreite, lensmann Oddbjørn Dyrdal og poltioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

La fram tal for 2017

Ei auke i saker som handlar om vald og trugslar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag la Os lensmannskontor fram statistikk for 2017. Samla sett har mengda saker halde seg stabilt, men ei svak auke frå 934 til 948.

– Korleis er bemanninga ved Os lensmannskontor?

– Samla sett ligg vi på 0,76 per 1000 innbyggar. Når styresmaktene seier at 2 per 1000 er målet, inkluderer der ein del sentrale særorgan, og mindre folketette stadar har naturlegvis fleire per 1000. Men eg håper det på riksplan blir lagt til rette for at stadar som Os skal noko opp frå der vi er no, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

• Les òg: Steler varer for å bli del av Snapchat-nettverk

Statistikken viser blant anna at fleire tal er stabile, men nokre område har hatt ei markert auke.

Mengda straffesaker i 2017 (2016 i parantes)

Arbeidsmiljø: 4 (2)
Miljø: 11 (6)
Narkotika: 159 (106)
Sedeleg: 25 (22)
Skadeverk: 60 (44)
Trafikk: 188 (216)
Undersøkelsessaker: 49 (53)
Vinning: 149 (172)
Vald: 109 (87)
Økonomi: 67 (92)
Anna: 127 (134)

Sjå meir statiskk nedst i saka.

Tidleg innsats og «trøblete» forslag om narkotika

Mengda saker som handlar om narkotikakriminalitet er blant det som går mest opp, frå 109 til 159.

– Det er stor oppgang, særleg blant unge. Men det er òg det vi har hatt i fokus. Her er det for det meste snakk om hasj og amfetamin, opplyser lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Ikkje heroin eller syntetisk dop?

– Vi har ei viss oversikt over dei som bruker eller har hatt problem med heroinmisbruk. Her kunne vi gått tett på og «produsert» fleire saker, men det er ein nasjonal plan om heller å retta fokuset mot yngre brukarar for å forebygga og hindra at dei hamnar for langt ut på skråplanet.

– I desember kom det historiske forslaget (VG.no) i Stortinget om å avkriminalisera bruk av narkotika. Vil det letta arbeidet til politiet?

– Det er ei ganske brei semje i politiet om at dette ikkje er ein god idé.

– Det finnest gode argument for og imot, men det grunnleggande prinsippet kan gjera forebyggande arbeid vanskelegare, i tillegg stiller eg meg sterkt tvilande til at vi klarer å stabla på beina eit helseapparat som er klare til å ta imot alle sakene, om narkotikabruk skal overførast frå jus til helse.

– Helsevesenet har nok å ta tak i med dei sakene som kjem inn i dag, om ikkje dei skal få alt av dei sakene vi i dag har hand om. På lengre sikt kan det bli endå verre, når bruk som ikkje lenger er ulovleg, gjerne auka bruk av syntetisk stoff, gir utslag i psykiske vanskar.

I nære relasjonar

Valdssaker auka frå 87 til 109.

Noko av valden er registrert i samband med utelivet i sentrum, enkelte tilfelle har vore grove, opplyser leiinga ved Os lensmannskontor.

– Men noko av det vi bruker mest tid på er valdssaker, anten det er kroppskrenkelse eller kroppsskade, der dei involverte er i nære relasjonar til kvarandre. Nokre gongar er det mellom par, anten gifte eller sambuarar, men dei har òg gjerne andre relasjonar, seier Dyrdal.

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen seier vald i nære relasjonar er tidkrevjande saker å etterforska.

– Vi kjem inn i bildet etter at valden har oppstått, og får eit omfattande arbeid med avhøyr og etterforsking.

Ny koordinator kan vera med på å forebygga

Mengda saker som handlar om omsynslaus åtferd, og saker om trugslar har òg auka. Fleire av dei er mot personar tilsett ved offentlege institusjonar.

– Ofte kan situasjonen til dei involverte vera samansette, at dei frå før er i ein vanskeleg livssituasjon. Vanskelege buforhold er blant det som kan skap frustrasjon, og seinare trugslar og vald. Vald og trugslar kan vera ei utfordring større delar av samfunnet kan vera med på å forebygga.

– Har de døme på godt arbeid med førebygging frå andre stadar i landet?

– No vil Os kommune få ein SLT-koorinator (samordna lokale rus- og kriminalitetforebyggande tiltak), fortel lensmannen.

– Med ein konkret kontaktperson trur eg det tverrfaglege samarbeidet for innbyggarane våre vil bli endå betre.

Frå før har Os lensmannskontor eigne folk som jobbar ved sidan av straffesakene (SARA) for å hjelpa og vegleia, for eksempel i forhold der det har vore fysisk konflikt, om kva som er praktisk i framtida, for å unngå nye konfrontasjonar.

Politiet hjelper òg med informasjon til innvandrarar frå andre kulturar, at dei blir kjent med at noko av det som kan vera akseptert der dei kjem frå, kan vera forbode i Noreg. Eksempel på dette kan vera fysisk straff av eigne born.

Dark room - også i Os 

Av 25 sedeleg-saker er det rundt 15 som handlar om overgrep mot mindreårige (under 16 år).

– Saksbildet er ofte komplekst, og det er nye, strengare krav til bevisførsle. Dette er tidkrevjande saker å etterforska.

– Her har det vore ei lita auke. Noko av det er nettbasert.

– Har det kome inn saker der folk frå Os er del av større pedofilinettverk?

– Nei. Men det er folk frå Os som har vore del av avsløringane i den store «Dark Room-operasjonen».

• Vest politidistrikt: 66 prosent auke innan overgrep mot barn

Nesten éin ruspåverka bilist i veka

Mengda personar tatt rusa bak rattet, eller styret, har auka dei siste åra. Den urovekkande veksta held fram.

Frå 2016 til 2017 har det auka frå 37 til 41. Bil- og MC-førarar tatt utan førarkort er redusert frå 55 til 41.

– Eg synest det at vi i snitt tar nesten éin ruspåverka i veka er svært høgt. Her kan vi dessverre rekna med at det er store mørketal.

Det blei skrive ut 94 forenkla forelegg og tatt beslag i 42 førarkort i Os i fjor.

Få innbrot, men lås garasjen

Vinning og økonomisk kriminalitet har gått ned.

– Her har vi sett ein nedgang over år, sett vekk frå perioden vi hadde mest tjuveri av post og påfølgjande svindel, som nokre få personar sto bak.

– Vi har heldigvis få innbrot i bustadar, men vi ønskjer framleis å oppmoda folk om å låsa garasjen og å sikra gjenstandane sine. Det er òg verdt å ta bilde av verdigjenstandar og verktøy, og helst notera seg rammenummer på sykkel. Om sykkelen din blei stolen, veit du korleis du ville ha skildra den?

Utvalte tal frå 2017-statistikken

Saker om dyr: 77
Trafikkuhell: 47
Ransakingar: 43
Trafikkulykke med personskade: 24
Trafikkontrollar: 57
Promillekontroll: 34
Påkøyrd vilt: 24
Påkøyrd katt: 9
Besøksforbod: 16
Sakna person: 16
Feilparkering: 14
Slagsmål: 14
Innbrot i bustad: 12
Skadeverk, bygning: 11
Tjuveri frå butikk: 10

Fleire saker