Lærarane varslar streik
Sommarferien kan bli ekstra lang.
I går sa Norsk Lektorlag nei til avtalen Utdanningsforbundet og KS anbefalte, klokka 12 i dag sa lærarane ifølgje NRK nei til det same.
– Om ikkje partane set seg ned i løpet av sommaren og blir einige som vil streiken starta ved skulestart i august, seier vara-hovudtillitsvalt i Os, Ole Morten Lom.
– Det er veldig stort engasjement blant lærarane i Os, men kor mange av våre over 200 medlemmar som i så fall blir tatt ut i streik, og kva skular som blir ramma, er førebels uvisst.
Utdanningsforbundet har 93.000 medlemmar. 73 prosent av dei som stemte sa nei til avtalen.
Vil styra arbeidstida si
Det er fleire punkt i avtalen lærarane er kritiske til og usikre på. Det viktigaste er styring av arbeidstida.
– Nokre lærarar liker å sitja på skulen etter endt undervising og gjera seg ferdig med alt før dei går heim, men mange liker å få eit pust i bakken og litt middag for heller å retta prøvar og førebu neste dag heimefrå på kveldstid.
– Spesielt for lærarar på barneskular, som underviser i eitt heile dagen, og gjerne er utsett for meir støy og mas, kan det vera godt å ta ei arbeidsøkt seinare på ettermiddagen i staden for direkte etter at det har ringt ut frå siste time.
– Dessutan er ikkje alle arbeidsveker og periodar like, av og til er det ekstra travelt, andre periodar er rolegare.
Streiken kan bli langvarig
Utdanningsforbundets fylkesleiar i Rogaland seier ho trur streiken kan koma til å vara lenge.
– Danmark hadde ein konflikt gåande i nesten eitt år, eg håper vi ikkje kjem i ein sånn situasjon, seier Gunn Reidun Tednes-Aasreød til NRK.no.
KS er skuffa
At lærarane har stemt ned forslaget som både Utdanningsforbundet og KS har anbefalt, er noko forhandlingsleiaren synest er skuffande.
– Dei seier nei til ein avtale som legg til rette for å utvikla ein kollektiv samarbeidskultur i skulen, noko begge parter meiner er naudsynt, seier forhandlingsleder Per Kristian Sundnes i KS i ei pressemelding.