Lærerik haustskule
Frå etablerte handballspelarar til heilt nye, ungar frå 6 til 13 år har hatt nokre lærerike dagar på handballskule.


- Vi har 30 ungar i alderen 6 til 10 år og 20 ungar i alderen 11 til 13 år, fortel leiar i Os Turn Handball, Andris Hamre, om deltakinga på årets handballskule i haustferien.
Kvar gruppe trenar ein og ein halv time før dei blir servert varm lunsj, menyen til no har vore tomatsuppe med makaroni og kjøttbollar, og nudlar med grønsakar og pølser. I dag, som er tredje og siste dag, blir det taco til lunsj.
- Ungane viser stor entusiasme og innsats, både dei som ikkje har kasta ein ball før, og dei som allereie spelar på eit lag i Os Turn eller på Nore Neset.
- Ting som var vanskeleg i første økta på måndag går no som en leik, seier Andris.
Saman med Andris har 95-spelarane Eva Kristiansen og Andreas Glomsaas Sennesvik vore instruktørar. Sponsor Gjensidige bidrar med ballar, sekkar, drikkeflasker og t-skjorter til alle deltakarane.
I morgen er det siste dagen. Vi starter med ei økt med teknisk trening før lunsj. HåndballskI dag er siste dag, og handballskulen blir avslutta med turnering.
- Det er utruleg kjekt å sjå kor mange handballtalent vi har i bygda. Klarar vi å ta vare på desse så lovar det godt for rekrutteringa til A-laga om nokre år, seier Andris Hamre.