Næringsliv | 19. juli 2012

Låg folkevekst - godt sal

Folkeveksten første kvartal var den lågaste i Os på 8 år. Meklarane fortel om godt sal og ventar oppsving også for einebustadar etter ferien.

Låg folkevekst - godt sal
F.v.: Arild Vikøyr frå Privatmegleren, Anders Vangen frå DNB Eiendom og Åge Gulbrandsøy frå BO Eiendomsmegling. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. juli 2012 10:28

Etter to år på rad med folketilvekst på over 500, mot eit snitt siste 10 år på 360, blei vi berre 39 fleire osingar første kvartal i år. Tal for andre kvartal kjem i august.

– Vi har likevel hatt god omsetnad og dei to siste månadane før ferien er to av våre fem beste månadar sidan vi starta for fem og eit halvt år sidan, seier Arild Vikøyr frå Privatmegleren.

Meir for sal?

I skrivande stund ligg det 61 bustadannonsar for Os på Finn.no. Nesten halvparten av desse er det Privatmegleren og BO Eiendomsmegling som sel, med 14 annonsar kvar.

Før ferien var det over 70 annonserte bustadar i Os og enkelte fekk inntrykk av at det sto litt i ro.

– I tillegg kjem ein del som blir selt før det blir annonsert. Vi har fleire som kjem til oss og høyrer kva vi har som kjem for sal, og fleire som kjøper før bustaden blir annonsert, forklarar Vikøyr.

– At vi no er nede i 60 er nok på grunn av at ein del tar eigedomane vekk frå nett i ferien for å legga dei ut igjen på seinsommaren.

– I fjor var det litt likt, men då vi kom til august hadde vi eit enormt sal av einebustadar, marknaden blei tømt i løpet av éin månad. Dei som var nær kjøp før ferien står nok klare til å kasta seg på når det byrjar å skje ting i marknaden igjen over ferien, trur Åge Gulbrandsøy i BO Eiendomsmegling.

DNB Eiendom, som i fjor etablerte seg med avdeling på Os, har også kapra marknadsandeler, dei har 6 Os-annonsar på Finn.no i ferien.

– Vi har fått ein langt betre start enn venta. I tillegg har vi no fått med oss Åse Strand, som hadde lang erfaring allereie før ho etablerte Meglerhuset Vest, som ho nyleg la ned, seier Anders Vangen frå DNB Eiendom.

Bodrundar og prisrekord

Vikøyr fortel at einebustadar har gått litt treigt til no i år og at leilegheiter i prisklassen 1,7 til 2,3 millionar er mangelvare, desse blir selt fort.

– Men tomannsbustadar blir også selt fort. Vi hadde nyleg eit prosjekt i Kuvågen med 8 tomannsbustadar til 3-3,2 millionar kroner. Alle er selt, halvparten blei selt før annonsering.

Sjølv om det ofte berre er éin eller to som er seriøst interessert i den enkelte bustaden, hender det framleis at det er bodrundar, og då går prisen fort opp.

DNB Eiendom sette i vår prisrekord i Varåsgrenda med ein tomannsbustad i borettslag (med husleige i tillegg på rundt 2.500 per mnd) til 2.730.000 kroner. Det var 340.000 kroner over prisantyding.

BO Eiendomsmegling selte nyleg ein leilegheit nær AMFI Os til 250.000 kroner over prisantyding, som var på 2,1 millionar.

– Har du 2-3 som er veldig interessert så går det fort opp i pris. Det er spennande for kjøpar og kjekt for seljar, seier Åge Gulbrandsøy.

Rekordomsetting i 2010 og 2011

I 2002 blei det selt 49 sjølveigarbustadar i Os kommune. Kvart år sidan 2005, med unntak av 2006, har det årleg blitt selt over 100 sjølveigarbustadar i Os.

I 2010 blei det nye rekord med 177 selte bustadar, i 2011 blei det selt éin bustad meir.

Talet på selte bustadar i Os - år for år
(Dette er sjølveigarbustadar, så omsetting i Varåsgrenda/delar av Varåsen (BOB) og Os Sjøfront (StorBergen) kjem i tillegg.)

2002: 49
2003: 74
2004: 60
2005: 116
2006: 80
2007: 145
2008: 127
2009: 128
2010: 177
2011: 178

Talet på leilegheiter har auka mykje, frå 4 i 2002 til 65 i 2010 og 48 i 2011. Men også talet på einebustadar har gått opp, frå 38 i 2002 til 87 i 2010 og 78 i 2011.

I tillegg kjem "småhus", frå 7 i 2002 til 52 i 2011.

Dobling i pris

Kvadratmeterprisen har auka kraftig i Os dei siste 10 åra. For einebustadar har den gått opp frå 10.262 kroner i 2002 til 19.958 i 2011.

For leilegheiter har kvadratmeterprisen gått opp frå 13.612 i 2002 og 18.900 i 2003 til 26.369 i 2011.

Låg folketilvekst første kvartal

Ved inngangen til 2012 var det 17.726 innbyggarar i Os. Første april var vi 17.765.

Tala for andre kvartal kjem i august. Vi passerer truleg 18.000 innbyggarar i Os før utgangen av 2012.

Vi passerer truleg snart også Stord, som berre har knappe 200 innbyggarar meir enn Os (Stord har 17.941) og som gjekk 16 innbyggarar tilbake første kvartal i år.

Os veks, men veksten i starten på 2012 var den lågaste på 8 år:

• Folketalet i Os aukar i snitt med 73 per kvartal (K4 1998- K1 2012)

• Folketalet i Os har auka kvart kvartal dei siste 15 åra, bortsett frå då vi blei 5 færre både i K3 2000 og K2 2001.

• Første kvartal 2012 auka folketalet i Os med 39, det lågaste sidan K3 2004 (22)

• Folketalet i Os aukar i snitt med 362,3 innbyggarar i året (2002-2011)

• I 2010 auka folketalet med 526, i 2011 med 516 innbyggarar

Bergen har 264.785 innbyggarar, Askøy 26.355, Fjell 22.825. Stord er på 4. plass, Os på 5. plass, Lindås og Voss på 6. og 7. plass med rett over 14.000 innbyggarar.

Kjelde: ssb.no

Midtsiden samleside: Eigedom

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.