Lokal | 11. jan. 2018

Laga lysfest i Hegglandsdalen

Barnehageungar på vandring med lykt på hovudet og marshmallows i sekken.

Laga lysfest i Hegglandsdalen
Etter vandring frå barnehagen blei det grilling i gapahuken. (Foto: Hegglandsdalen barnehage)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. jan. 2018 10:02

Rundt 50 ungar og foreldre møtte fram då samarbeidsutvalet ved Hegglandsdalen barnehage inviterte til lysfest.

– Vi møttest i barnehagen og gjekk i samla flokk opp til gapahuken vår, fortel dagleg leiar Grethe Nymark Mikkelsen.

Stien var merkt med refleksvestar og ungane hadde med seg lommelykt eller hodelykt.

Nygrilla kveldsmat

Deltakarane stilte med matpakke og kakao i sekken. I gapahuken var det god varme i bålpanna, og fleire hadde med seg kveldsmat som eigna seg for grilling.

– I matpakkane var det alt frå pølser til ostesmørbrød, pakka inn i aluminiumsfolie. Til dessert blei det marshmallows.

– Ungane leikte og koste seg mens maten blei varm, ingen blei bremsa av at det kom litt regn, seier Grethe, og takkar samarbeidsutvalet for eit flott tiltak og ein vellykka lysfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.