Lokal | 04. juli 2018

Lagar popup-parkering

Bubil- og caravanparkeringa har blitt ein så stor suksess at kommunen utvidar med helgeparkering ved gjestebrygga.

Lagar popup-parkering
Mellom popup-parken og brua blir det frå fredag av reservert for bubiler i helgene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 04. juli 2018 11:05

Mest kvar helg sidan bubil- og caravanparkeringa opna på Haugsneset har plassen vore heilt full.

– Den har blitt kjempepopulær, spesielt i helgene ser vi at det kjem fleire enn det er plass til. Det vil jo vera synd om turistane køyrer vidare.

– Då vi opna popup-parken førre veke såg vi at dei ti ordinære plassane som er mellom parken og brua er godt eigna til bubilparkering, seier ordførar Marie Bruarøy (H).

Berre i helgene

Som eit prøveprosjekt i sommarmånadane har kommunen difor bestemt at plassane skal nyttast som ekstra bubilparkering, men berre i helgene.

– Det blir skilta bubilparkering der frå fredag ettermiddag til måndag morgon. Resten av veka skal plassane vera ordinære parkeringsplassar for dei som jobbar i og vitjar Os sentrum.

– Kor mange bubilar er det plass til?

– Dei skal jo ha ei sikringssone, så det går to vanlege parkeringsplassar til ein bubil. Då skal det vel bli plass til fire eller fem bubilar er i helgene.

Eit ledd i turismesatsinga

Ordføraren fortel at tiltaket er eit ledd i kommunen si satsing på Os hamn og å få fleire turistar til bygda.

– Det ligg jo fint til rette der. Straum er det nede på brygga allereie, tømmestasjonen for bubilane ligg like ved og popup-parken innbyr jo til å kunne setta seg ned på om kveldane, så vi håper det kan vera eit kjærkoment tilskot.

– Vi skal få markert plassen også i kartet på osgjestehamn.no, men næringssjefen må berre koma attende frå ferie først, avsluttar Bruarøy.

Ordninga tek til allereie førstkommande helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.