Lokal | 22. feb. 2019

Lågaste folkevekst på 17 år

Folketalet i Os aukar, men takka vera rekordutvandring er veksta lågare enn før.

Lågaste folkevekst på 17 år
Folketalet i Os aukar ikkje så fort som før, men meir enn dei fleste andre kommunane i Hordaland. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. feb. 2019 14:49

I dag kom SSB.no med folketeljing for 4. kvartal 2018.

1. januar 2019 var vi 20.804 innbyggarar i Os.

Lågaste vekst sidan 2001

Folketalet auka førre kvartal òg, men 23 i pluss er den den lågaste kvartalsvise veksta sidan 2001, om vi ser vekk frå K3 2014, då vi gjekk 19 i minus.

Hovudårsaka var utvandring av heile 84 innbyggarar, som er ny rekord. 44 innvandra til Os førre kvartal. Tidlegare har talet lagt på 10-15 utvandringar, men dei siste åra har vi hatt enkelte kvartal på 30-50.

Samla sett blei vi 231 fleire innbyggarar i 2018.

Det er den lågaste veksta sidan 2001, då vi vaks med 131 innbyggarar, og einaste år sidan 2009 med vekst på under 400 innbyggarar på eitt år.

Fusa gjekk 59 tilbake og har no 3.861 innbyggarar.

Ordførar: – Folkevekst betyr mykje for velferda

Fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) seier folkevekst på 231 innbyggarar er rundt halvparten av veksta som kommunen håper på.

– Lågare vekst er ein trend over heile landet, vi kan ikkje rekna med at Os skal ta all veksta. Samtidig betyr folkevekst mykje for arbeidsplassar og kommuneøkonomien, både i form av skatteinntekter og tilskot frå Staten, noko som igjen får konsekvensar for servicetilbodet.

– Men vi skal gle oss over veksta på 231 innbyggarar òg, det er ikkje alle kommunar som opplever vekst.

9 av 33 i Hordaland hadde vekst

Ordførar har rett i at ikkje alle opplever vekst i folketalet for tida.

I fjerde kvartal var det berre 9 kommunar i Hordaland som hadde ei auke i folketalet, og berre to kommunar (Fjell +151, Meland +58) som vaks meir enn Os.

Bergen gjekk 255 tilbake, Kvinnherad og Odda gjekk 50 kvar tilbake, Stord reduserte folketalet med 40 innbyggarar.

Også Øygarden, Lindås og Sund gjekk tilbake, det same gjorde Tysnes, Austevoll og Samnanger, og Askøy auka med berre 16 innbyggarar førre kvartal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.