17. mai var vi 20.623 osingar som feira nasjonaldagen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lågaste veksten på seks år

Folketal • Os held fram med å veksa i 1. kvartal, men veksten er mindre enn dei siste åra.

Av: Andris Hamre

SSB presenterte tysdag folkveksten for første kvartal 2018. Vi er no 20.623 osingar, 50 fleire enn vi var ved utgangen av 2017.

Netto innflytting til kommunen er på 17 personar, medan det blei fødd 56 og døde 23 osingar i løpet av dei tre første månadane i 2018.

Ei folkevekst i årets første kvartal på 50 er det lågaste veksten samanlikna med første kvartal dei seks siste åra. Vi må tilbake til første kvartal 2012 for å ha like låg folkevekst. Det året blei vi 39 nye osingar i løpet av dei tre første månadane. Til samanlikning var talet for 2013 på 152 og i 2017 på 145.

Kun eitt år sidan 1998 har vi opplevd negativ folkevekst i første kvartal. Det va ri 2001, då vi blei fem færre osingar enn vi var ved årsskiftet.

Folkevekst i andre kommunar 

Endring 1.kvartal i parentes

  • Bergen 280.216 (424)
  • Stord 18.793 (13)
  • Fusa 3.903 (-17)
  • Fjell 25.814 (89)
  • Askøy 29.114 (43)
  • Lindås 15.841 (52)

Fleire saker