(Ill. foto: KVB)

Lagde bråk med brus

Mann vist vekk frå Os sentrum i natt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Politiet i Os har berre eitt innslag i loggen frå natt til laurdag, og dette kom i 4-tida, ein time etter at siste drope alkohol blei servert ved utestadane.

– Ein mann i 20-åra fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum. Det ser ut som om han etterkom pålegget, fortel vakthavande ved Os lensmannskontot.

Årsaka til at han blei vist vekk er at han forstyrra fred og orden ved å kasta brus inn i ei folkemengde.

Vinglete vogntog

På formiddagen fredag, klokka 09.45, fekk politiet tips om vogntog som køyrde vinglete på E39.

Patruljen fann det aktuelle vogntoget, men der var alt i orden med bil og førar.

Fleire saker