Lokal | 11. mai 2012

Lagde kø på 5 kilometer

– Han sykla midt i vegen, skulle tru det var ein demonstrasjon, fortel vitne.

Lagde kø på 5 kilometer
Her hadde det allereie byrja å bli kø, syklisten på veg opp Vallaheiane frå bysida. (Lesarbilde: John Are Larsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mai 2012 18:11

Fredag i 15-16-tida er trafikken frå Bergen til Os ofte stor. Då hjelper det ikkje med ein syklist i front, sånn det var i dag.

– Eg snakka med ein kollega som kjørte motsett veg. Han møtte syklisten midt i vegen på Røykenes. Køen bak gjekk heilt til Sandven ved starten på Vallaheiane, fortel ein innringar til Midtsiden.

– Det var ikkje akkurat ein proff heller, det gjekk rimeleg seint. Og no, 10 minutt etter at politiet rykte ut, er det framleis kø på Søfteland. Denne syklisten har lagd etterdønningar i fredagstrafikken.

– Utanlandsk turist

Politiet i Os fortel at dei rykte ut og fekk ein prat med syklisten.

– Han blei vist vekk frå vegen og fekk klar melding om å halda seg på gang- og sykkelveg.

– Det var ein utanlandsk turist og han sykla veldig seint, fortel politibetjent Christine Grindstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.