Lagde lanterner
Før helga blei det selt fleire tonn med graskar i Os. Her er nokre av resultata.
Fleire av daglegvarebutikkane var fredag tomme for graskar, trass i auka varelager i forhold til i fjor
På KIWI Moberg åleine hadde dei selt heile 800 kilo, mot drygt 400 kilo året før.
Les òg: Dobla Halloween-interesse i Os
Ifølgje frukt.no er graskar av amerikansk opphav, dyrka av indianar så langt tilbake som 3000-4000 år før vår tidsrekning (f. Kr.). Grønsaken er ypperleg til sausar og gryterettar, men salet i Os var truleg helst til dekorasjon til Halloween fredag.
Vi inviterte lesarane til å senda oss bilde av sine graskar. I tillegg debuterte underteikna som graskar-kuttar saman med son og hans kamerat.
I bildeserien over ser du resultata.
Les òg: Graskar-feber i Os