Lokal | 10. okt. 2014

Lagde sin eigen rabatt

Politiet rykte ut til Amfisenteret då ei kvinne prøvde å kjøpa ein jakke til ein litt for låg pris.

Lagde sin eigen rabatt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. okt. 2014 09:29

Torsdag fekk politiet melding frå ein butikk på AMFI Os, der ein kunde var mistenkt for å ha skifta om på prislappane før ho gjekk til kassen.

– Kvinna er utanlandsk så vi sjekka personalia på vedkomande.

Det viste seg å ikkje vera ein omstreifande kvinne, men ei med fast adresse i Os.

– Førebels er forholdet ikkje meldt av butikkdrivar, opplyser politiet.

Feststøy i sentrum

I 3-tida natt til fredag fekk politiet melding om støy frå fest på Osøyro.

– Ein patrulje rykte ut, men då dei kom fram var det stille på staden.

Kjørte med skilt i vindauget

Torsdag i 19-tida blei politiet tipsa om ein som kjørte utan skilt på bilen.

Patruljen møtte ikkje vedkomande, men fekk kontakt med han etterpå.

– Bilen er registrert og han hadde skilta i vindauget. Dette er heller ikkje ei grei løysing, men han slapp unna med ei åtvaring og eit muntleg pålegg om å festa skilta før han bruker bilen igjen.

Oljesøl og feilparkering

I løpet av torsdag var politiet også på Vartun, for å sjekka ein utanlandsk bil som var feilparkert, med nøklane låst inn i bilen. Der viste alt seg å vera ok, og politiet hjelpte med å få låst opp bilen.

På kvelden kom også melding om oljesøl på E39 i 70-sona ved Hjellemarka. Her blei Vegtrafikksentralen varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.