Næringsliv | 18. okt. 2015

Lager butikk av ubrukeleg stein

Kaibyggar Jarle Øvreeide var lei av å køyra heim frå oppdrag med båten lasta med naturstein ueigna til å bygga mur.

Lager butikk av ubrukeleg stein
Jarle Øvreeide er nøgd med tomta og har sett opp ein demo-mur ut mot E39 ved Svegatjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. okt. 2015 19:37

Bildeserie:

– Før sto vi med hand og kappa med den vesle saga, fortel Jarle. (Foto: KVB)
– Før sto vi med hand og kappa med den vesle saga, fortel Jarle. (Foto: KVB)
Her er den mellomstore saga, som kan kappa 30 cm. (Foto: KVB)
Her er den mellomstore saga, som kan kappa 30 cm. (Foto: KVB)
– Når du berre leverer brukande stein blir totaløkonomien god. (Foto: KVB)
– Når du berre leverer brukande stein blir totaløkonomien god. (Foto: KVB)
Den kappa sida er skjult, resten er som annan naturstein. (Foto: KVB)
Den kappa sida er skjult, resten er som annan naturstein. (Foto: KVB)
Beate Liland er tilsett som seljar og har kontor på produksjonstomta. (Foto: KVB)
Beate Liland er tilsett som seljar og har kontor på produksjonstomta. (Foto: KVB)
Os Kaiservice bruker ofte mur under bygging av kai- og bryggeanlegg.
Os Kaiservice bruker ofte mur under bygging av kai- og bryggeanlegg.
1 av 6

Når du kjøper naturstein er det ikkje alltid at all steinen er eigna.

Jarle frå Os Kaiservice har brukt mykje tid og krefter på å få brukt mest mogleg av steinen han har hatt med seg i arbeidsbåten.

– Du kan no tenkja deg sjølv, vi sto med den saga der og skar for hand for å få det til å passa, seier Jarle og peiker på den vesle saga ved sidan av den største (sjå bildeserie).

– Dette handlar om både tryggleik, reduserte transportutgifter og miljø. Og så handlar det sjølvsagt om tid og pengar.

Godt utstyr og gode vilkår

Øvreeide sikra seg ein god avtale med entreprenør Nils Petter Vindenes frå Strandvik i Fusa.

Han leverer frå steinbrotet til ein pris som gjer av Os Kaiservice tok sjansen på å investera i to store sager.

– Den største saga kostar ein halv million, og for å forsvara investeringa måtte vi veta at vi kan ha produksjon også til andre enn oss sjølv.

No tar han imot 100 tonn kortreist stein i slengen, og kan kappa 40-50 tonn om dagen.

Enorm interesse

Os Kaiservice kjem til å driva med saging og levering frå ei tomt i Industrivegen som dei leiger hos Aspenes-brørne, ved sidan av Bomobil ved E39 og Svegatjørn.

– Eg ville ikkje seia kva firma og kor stort volum, men interessa har vore enorm. Eg veit heller ikkje om nokon andre som har sett dette i system, som leverer det vi kan levera no.

– Du bruker likevel tid på å kappa steinen, kan du selja den så mykje billigare enn andre?

– Det største fortrinnet vårt er at vi sel stein der alt kan brukast. Totaløkonomien blir god, meiner Jarle.

Fleire arbeidsplassar

Dei to nye sagene kappar 70 og 30 cm tjukk naturstein, stein som i utgangspunktet ikkje var eigna, og som får den kappa sida skjult og éi til tre synlege sider med vanleg «naturpreg».

Øvreeide har fått på plass kontorbrakke og tilsett Beate Liland som seljar. Ho har blant anna bakgrunn innan bemanning i tekniske tenester i Adecco.

– Det kan bli ein del arbeidsplassar på denne tomta, seier den kreative kaibyggaren, som frå før har omsetnad på 7-8 millionar i året.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.