Sport | 16. des. 2013

Lager idrettsgalla

Først skal Os Turnforening ha galla med festmiddag og prisutdeling – så blir det konsert og dans open for alle.

Lager idrettsgalla
Hans Parnefält og Magnar "Maggen" Lien klare for årsfest for Os Turn i Oseana 11. januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. des. 2013 20:32

– Det har vore snakk om dette i mange år, og no var det ein ledig laurdag i Oseana, og då tenkte vi det var på tide å slå til, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.

– Vi har nesten 1300 medlemmar og mykje å feira, kvifor skal ikkje vi ha vår eigen idrettsgalla? spør han.

Middag og prisutdeling

Målet var å få til ein årsfest før jul, i staden blir det laurdag 11. januar.

På flatt golv i Oseanasalen vil Parnefäløt ha flest mogleg medlemmar frå dei seks avdelingane i idrettslaget.

– Vi har cheerleadarar, amerikansk fotball, fridrett, turn, handball og fotball.

– Årsfesten blir open for alle medlemmar, unge og vaksne, der vi har middag og litt merksemd til personar som har utmerka seg.

I 22-tida er middagen over og dei yngste går heim.

– Då opnar vi dørene for andre som vil inn, og inviterer til dans med livemusikk på scenen.

Kven skal Maggen tulla med?

Til å vera konferansier har Os Turn fått inn Magnar "Maggen" Lien.

Maggen er for mange i Os kjent som revymann og standupkomikar, sommaren 2009 fylte han nattklubben Opus helg etter helg med showet "Stolt, gamal gris".

Les òg: – Betre enn Lyngbø

– Kven skal du vitsa om denne kvelden?

– Det har eg ikkje bestemt meg for. Men eg trur det er nok å ta av, og Bakkerud skal ikkje føla seg for trygg, humrar Maggen, som også har fartstid som idrettsutøvar.

I 1975 var han med på å ta sølv i kretsmeisterskapen i fotball med Os sitt juniorlag.

– For å ha det kjekt saman

På scenen etter middagen kjem ORBO, Gina Aspenes og Leif Østrem.

– Vi ville prøva dette, å laga ein staseleg middag der også ungdomane kan vera med, og ein skikkeleg fest etterpå.

– Dette gjer vi som eit non-profit-arrangement, ikkje for å tena pengar, men for å ha det kjekt saman. Så håper vi at alle som vil får plass, og at vi blir mange nok til at det blir ein kjekk kveld, seier Parnefält.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.