Osøren Blues & Jazzfestival 2010. No blir det ny fest i Vognhallen, men med scenen i motsett ende.
Osøren Blues & Jazzfestival 2010. No blir det ny fest i Vognhallen, men med scenen i motsett ende.

Lager storkonsert i Vognhallen

Os Live byr på sommarfest med tre band. I dag slepp dei første band; Rotlaus!

Kjetil Vasby Bruarøy
18. januar 2018 - 9:02

Osfest-arrangør Os Live AS arrangerer sommarkonsert i Vognhallen laurdag 9. juni.

– For det første synest eg Vognhallen er super å arrangera konsertar i, for det andre er det blitt endå finare der etter at Os Kulturutvikling opna den nye kulturstova inne i hallen i fjor sommar, seier Tor Egil Hylland.

Han var sjølv både sponsor og med i styret då Osøren Blues & Jazzfestival hadde Vognhallen som hovudscene.

Første band; Rotlaus

I dag blei billettane lagt ut og første band gjort kjent; Rotlaus kjem tilbake til Os.

Sjå video frå då dei spelte i Nore Neset Aktivitetshus romjula 2016.

Bandet består av:
Bjørn Marius Øyehaug, vokal/gitar
Simen M. Rebbestad, gitar/kor
Simen Bjørdal, trommer
Vegard Hansen, trekkspill
Bendik M. Folkestad, bass

Rotlaus har på kort tid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband. Debutalbumet kom i 2015 og førte sunnmørsbandet rett inn på VG-Lista Topp 10.

Bandmedlemmane tilbringer mykje tid saman, noko som gjenspeglar seg på scenen.

– Det er som ein familie, seier Bjørn Marius Øyehaug.

Bjørn Marius er for mange kjent frå bandet Vassendgutane, og har lang erfaring med turnélivet.

Nok ein fot å stå på

Rotlaus er første band på plakaten. Os Live har plan om i alt tre band denne sommarkvelden.

Os Live står frå før bak Osfest og «Lille nyttårsaften»-arrangementet i Nore Neset Aktivitetshus.

– Lille nyttårsaften-arrangementa har gått med overskot kvart år. Vi har kapasitet til fleire arrangement, og får vi etablert nokre faste, gode konsertar så gir det oss fleire bein å stå på, og eit meir solid fundament som Osfest-arrangør.

Til årets Osfest, som blir arrangert 10. og 11. august, er et sleppt tre namn til no; Morten Abel, Stavangerkameratene og Staut.

• Midtsiden samleside: Osfest

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest