Sport | 04. sep. 2011

Lager tre-i-éin-bane

Vildmarken golfklubb tar grep for å bli meir attraktiv. No lanserar dei tre baner i eitt.

Lager tre-i-éin-bane
Andris Hamresøndag 04. sep. 2011 09:52

Vildmarken Golfklubb har som mange andre golfbaner opplevd ein nedgang i besøkande spelarar, og dermed òg lågare inntekter.

- Vi såg at vi måtte gjera noko, men sleit med å finna ut kva vi kunne få til for ein billig penge.

- Då vi hadde besøk frå golfforbundet tidlegare i veka ramla løysinga inn som eit kinderegg, smilar leiar Arvid Myrmell.

No lanserer klubben to nye banar i tillegg til dagens ni-hols, par 70-bane.

Kortholsbane

Og løysinga er utradisjonell nok for ein golfbane å vera. Dei lanserer ei eiga seks holsbane kor berre dei seks første av dei totalt ni hola på banen er i bruk.

- I tillegg lagar vi ei kortholsbane der vi brukar dei eksisterande hola, men sett opp nye utslag slik at også nybyrjarar og dei som ikkje slår så lang kan ha glede av å spele bana, forklarar Myrmell.

Kortholsbana blir 9 par 3 hol frå 55 til 172 meter med ei total lengde på 1730 spelemeter.

- Vi håper at kortholsbana kan bidra til at vi igjen blir familiebana framfor nokon, kor til dømes ungane speler dei korte hola, medan far speler den vanlege banen.

- Løysinga vi har valt gjer nettopp dette mogleg, seier Myrmell.

Seksholsbane

Mange golfarar føler at dei ikkje har tid til å gå ei full golfrunde på ein ettermiddag i tillegg til jobb og familie i følgje Myrmell. Difor lanserar Vildmarken no ei seksholsbane med eige scorekort som kan gåast på ein time/halvanna.

- Men, ei sekshols bane? Er ikkje det å gå feil veg?

- Nei vi trur ikkje det.

- Då vi starta opp her inne i Øvredalen for 11 år sidan var det nettopp ei seksholsbane vi hadde.

- Den gongen hadde vi mange nøgde golfare her inne. Etter at vi utvida bana med dei tre siste hola for to-tre år sidan har vi fått tilbakemeldingar om at bana er blitt for vanskeleg for mange.

- Du kan seie at vi har hørt på spelarane og laga eit tilbod til som gjer at fleire kan føle at dei mestrar bana om dei vel å gå seksholsbana, fortel eldsjela som håper endringane vil gje auka trafikk inn til Øvredalen.

- Vi kjem nok ikkje til å få full effekt i haust, til det er vi for seint på sesongen, men vi håper nokon har lyst til å ta turen inn for å testa nyvinninga, avsluttar Myrmell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.