Laget er samla
Askvik hadde ikkje problem med å få tidlegare tilsette i administrasjonen tilbake på plass.


- Det var faktisk ingen som sa nei, seier dagleg leiar i Askeladden Boats AS, Henrik Askvik.
- Dette bør Henrik sjå på som ein serie av fine tillitserklæringar, meiner Leif Bergaas, som kjem tilbake til Askvik som marknadssjef.
Han er ein av tre tidlegare Askviks Sønner-tilsette som har hatt engasjement hos Johs Lunde den siste tida, men som no vender tilbake til nytt firma i same fabrikk.
I stil med storleiken
Asbjørn Hjelle og Tore Svendal har også engasjement hos ohs Lunde, men kjem tilbake som logostikkansvarleg og på teknisk support når dei avsluttar hos Lunde.
- Sjølv byrjar eg hos Askeladden Boats 1. mai, men kjem i mai til å bruka delar av tida mi på å avslutta prosjektet mitt med Askeladden hos Johs Lunde på ein best mogleg måte, seier Bergaas.
Morten Hjelle kom på plass som ettermarknadsleiar 14. april, same dag som Ann-Lisbeth Kallekleiv på økonomi og rekneskap.
4. mai kjem Tom Håkon Mjånes tilbake som hovudansvarleg for produktdefinisjonar, teknisk dokumentasjon, teknisk support, CE-merking og produktutvikling. Også Reidar Rundsveeen Tore Bøe og Yngve Drange er eller blir del av den nye administrasjonen.
- Vi får ein erfaren og passe stor administrasjon. Vi er færre enn før, naturlegvis, men alle funksjonar er dekka opp, seier marknadssjefen.
Nesten tomt
Alle dei drøye 200 Askeladden-båtane Johs Lunde kjøpte frå konkursbuet er selte. Det står om lag 30 båtar på fabrikken, men alle desse er det bestillingar på.
- Det treng ikkje å bety at det er tomt for båtar, fleire av forhandlarane har båtar for sal.
- Men det byrjar å hasta med å få produksjonen i gong, legg Bergaas til.
Produksjonsstart i juni?
Det er båtar opptil 6 til 6,5 meter Askeladden Boats kjem til å konsentrera seg om først.
- Askvik har kome langt med arbeidet med å samla eit godt arbeidslag i produksjonen. Vi kan koma til å starta produksjonen allereie 1. juni, seier Leif Bergaas.
- De byrjar litt varsamt. Men trur du Askeladden kjem til å koma tilbake på tidlegare toppnivå i volum og omsetnad?
- Ja. Men det kjem til å ta nokre år, for det er framleis finanskrise.