Håvard Holmefjord Lorentzen hadde ei svært god helg i Kasakhstan. (Foto: Sander Hvammen)

Lagkameraten stal showet

Sverre Lunde Pedersen var nær pallen på 1500 meter i Astana i går. Håvard Holmefjord Lorentzen var endå nærmare!

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sverre Lunde Pedersen fekk det tungt både i Kina og Japan, og starten på tredje verdscuprunde, som i helga gjekk i den kasakhstanske hovudstaden Astana, blei heller ikkje heilt i toppen.

Etter 7. plass på 5000 meter (6.26,78) fredag blei det 6. plass i lagtempo laurdag. Laget besto av dei tre S-ane, Sverre (Lunde Pedersen), Simen (Spieler Nilsen) og Sindre (Henriksen).

I ferd med å snu

Men søndag blei ein betre dag både for Sverre og lagkameratane frå Fana IL.

Sindre Henriksen tok 2. plass på 1500-meter i B-klassen og kvalifiserte Henriksen tilbake til A-gruppa og Sverre Lunde Pedersen kom på 5. plass med 1.46,81 på 1500-meteren.

– Dei første 1100 meterane var veldig bra, men så klarte han ikkje heilt å fullføra. Men ein 5. plass er absolutt godkjent og det er i ferd med å snu for han, seier landslagstrenar Sondre Skarli til BT.

Kanonhelg for Håvard

Lagkamerat Håvard hadde ein endå betre dag og tok 4. plass med tida 1.46,63!

Heile helga var bra for Holmefjord Lorentzen:
• Knuste sin eigen personlege rekord på 500 m ned til 34.87 (35 hundredelar frå førsteplass)
• Blei nummer 6 på 1000 m, kun 21 hundredeler frå førsteplass
• Tok 4. plass på 1500 meter, berre 9 hundredelar frå pallplass

«Hatten av for mr Lorentzen i dag! 34 på 500 og 1,46 på 1500 er det ingen som matcher. Imponerende! For min egen del er det bedring med 5.plass og ikke langt opp til pallplass! Må nok øve mer på stayeren» skriv Sverre på Twitter.

Fleire saker