Vegard Skeie og Marius Mikkelsen skåra to av Os sine fire mål (foto: Andris Hamre)

Lagsiger i slitekamp

Ketsjupeffekt då Os først fekk hol på byllen. Slo Vestsiden-Askøy 4-1.

Av: Andris Hamre

Etter ein tøff cup-kamp mot 1. divisjonslaget Åsane på onsdag var det tilbake til kvardagen for Os laurdag ettermiddag.

– Det blei einvegskøyring frå start til slutt mot eit kynisk lag på ei grasbane som var humpete og uvant kost for gutane, fortel fungerande trenar Tim Sperrevik på veg heim frå Ravnanger.

Vestsiden-Askøy - Os 1-4 (1-0)

Os sin start 11-er: Anders Fossen Lunde, Endre Ove Brenne, Vegard Strønen Skeie, Divaldo Cardoso, Martin Røttingen Eidsvik, Marius Mikkelsen, Øystein Takle Eide, Rafael Villen Villen, Frode Storebø, Christoffer Hafsås, Mats Cato Moldskred
Målskårarar for Os: Marius Mikkelsen, Christoffer Hafsås, Mats Cato Moldskred, Vegard Skeie

Sjå tabellen

– Det blei ein førsteomgang med sjansebonanza, men ballen sprett litt feil veg for oss i første omgangen og vi får eitt mål i mot.

Lagsiger

Sperrevik fortel at Os ikkje lar seg frustrere over å ha hamna under 0-1 til pause.

– I staden maler vi tålmodig på og held oss til planen og arbeidsoppgåvene. Når vi først får utligninga så sprer det seg ein entusiasme i laget og dei andre måla kjem relativt tett.

– Kampen i dag er ein lagsiger i bunn og grunn. Eg tykkjer vi gjer ein ok-kamp. Vestsiden skal vera glad dei ikkje møtte oss heime på kunstgraset i dag, då hadde det sett stygt ut for dei, avsluttar Sperrevik.

Fleire saker