Lokal | 02. juli 2010

Laila i praksis

Laila Reiertsen skal, som einaste frå Hordaland blant sju frå arbeidskomiteen, hospitera på ulike NAV-kontor i sommar. Også på Os.

Laila i praksis
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juli 2010 06:44

Osing og stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) har fått noko som liknar på sommarjobb. Som medlem av arbeids- og sosialkomiteen er ho saman med dei 12 andre i gruppa invitert til å hospitera på fleire NAV-kontor i sommar.

- Vi har retta oss til fleire avdelingar for å få auka innblikk i kvardagen og arbeidsoppgåvene til NAV, noko som resulterte i invitasjonen frå arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie, fortel Reiertsen til Midtsiden.no.

Laila er blant dei sju som takka ja til invitasjonen. Tysdag skal ho ha arbeidsdagen sin ved NAV-kontoret i Os, så står Årstad og Bergen for tur.

Variert program
Aetat og trygdeetaten blei sått saman til éi eining i 2006. Oppgåvene til NAV er mange, ulike og viktige, og det har ikkje berre vore skryt å henta. Dårleg service, lang sakshandsamingstid og lang ventetid på telefon er blant det dei har fått kritikk for.

- Vi i komiteen får også ein del telefonar frå folk som er frustrerte. No skal det bli spennande å sjå korleis dei tilsette i NAV opplever jobben og publikum. Det er nok ein del forskjellar frå kontor til kontor, trur stortingsrepresentanten frå Os.

- Med Os, Årstad og Bergen på programmet får eg erfaring frå både lita bygd, stor bydel og forvaltningskontoret Bergen, som tar meir tidkrevjande saker, som søknad om status som ufør.

Telefontrøbbel
Laila Reiertsen ventar å få oppleva både kvar dei tilsette og leiinga ved kontora føler skoen trykker, og at dei deler meir vellukka erfaringar med ho.

- Kva spørsmål har du med deg til kontora?

- Det blir interessant å sjå korleis fellesløysinga stat-kommune fungerer og kor tilgjengelege dei er på telefon

- Eg var sjølv til arbeidsministeren med forslag om grønt nummer, å stå i telefonkø kan vera dyrt, og det er ikkje rett, når det gjerne er dei som ikkje har så mykje som må betala. Eg fekk det eg vil kalla positive signal til forslaget.

- Elles skal det bli lærerikt å vera med på ein heil arbeidsdag, sjå ei sakshandsaming frå A til Å og gjerne få møta nokre brukarar. Eg er som dei andre underlagt taushetsplikt, og kjem kanskje til å få prøva med som NAV-tilsett desse dagane, seier Laila Reiertsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.