Lokal | 09. jan. 2017

Laila Reiertsen er innstilt som varaordførar

Frp hadde gruppemøte søndag kveld, og gjekk for rein opprykksmodell.

Laila Reiertsen er innstilt som varaordførar
Laila, her på kontoret på Stortinget, ligg no an til å få varaordførarkontoret på Os rådhus.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 09. jan. 2017 09:19

Med Søviknes sin permisjon i samband med statsrådposten, som skal innvilgast i ekstraordinært kommunestyremøte torsdag, rykker Marie Lunde Bruarøy (H) opp som ordførar.

Kven som steppar inn som varaordførar var ikkje bestemt då vi snakka med formann Gustav Bahus i førre veke, Frp kjem no med innstillinga si etter gruppemøte i formannskapssalen søndag kveld.

Der blei Laila Marie Reiertsen samrøystes innstilt som ny varaordførar.

Med Gjermund Hagesæter sin retur frå regjering til storting i desember blei det slutt for Reiertsen sitt vikariat på tinget, og ho er tilbake i Os.

• Les òg: Reiser til Oslo for å pakka

– Då vi var einige om å gå for opprykksmodell, i staden for å køyra val, blei kabalen samrøystes vedtatt, seier leiar i Os Frp, Gustav Bahus.

Nytt medlem i formannskapet

For å vera aktuell som varaordførar må vedkomande sitja i Os formannskap. Saman med Laila, frå Frp, sit Jonn Garvik, mens Eirik André Hesthammer er 1. vara og stepper inn i Søviknes sitt fråvær.

– Jonn signaliserte at han ikkje følte seg erfaren nok til å stilla ved eit eventuelt val til varaordførarvervet, seier Bahus.

Gustav Bahus, som er leiar for plan- og bygg, er 2. vara i formannskapet.

Når Laila rykker opp som varaordførar går Eirik André Hesthammer, som frå før er medlem i tenesteutvalet, inn som fast medlem av formannskapet, mens Bahus blir første vara og Marianne Neumann Hjelle rykker opp som andre vara.

Espen Aspenes er innstilt som ny 3. vara i formannskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.