Lokal | 07. feb. 2017
Lakk olje i vegen
Ein hydraulikkslange som rauk på ein traktor kan skapa glatt veg i Mobergsbakkane.
Andris Hamretysdag 07. feb. 2017 13:36
Klokka 13 tysdag formiddag meldte 110-sentralen at det hadde vore lekkasje av hydraulikkolje i køyrebanen i Mobergsbakken og at det var trafikale problem på staden.
– Det var ein hydraulikkslange som rauk på ein traktor. Entreprenøren har sjølv ordna opp og strødd sand der det har leke. Vi har berre vert ute og kontrollert, fortel Gitle Smaadal i Os brann- og redningsvesen.
Kan vera glatt
Smaadal fortel at dei har varsla vegtrafikksentralen.
– Dei er varsla og vil komma og skilte på staden. Hydraulikkolje kan bli veldig glatt å køyre på, så folk bør nok vera litt obs.