Landa årets første

Ei veke etter opninga fekk Kjell Morten Søvik årets første laks i Oselvo.

Kjell Morten Søvik tok årets første laks i Oselvo torsdag (Foto/Arkivfoto: privat/prohd.no)
Andris Hamrefredag 24. juni 2016 09:45

Det har kome lite påfyll av vatn i Oselvo, men nok til at Søvik fekk fisk.

Kjell Morten Søvik, som 23. juli i fjor fekk sesongens største i Oselvo (11 kg), tok onsdag sesongens første.

Laksen var så vidt stor nok til ikkje å bli kalla tert, fisken vog 3,1 kilo og blei tatt i Steinhølen onsdag 22. juni.

– Det var mellom to EM-kampar eg tok ein tur i elva og fiska litt, og plutseleg så beit den. Det var ikkje mykje kamp å få den på land, fisken var grei å få opp, fortel Kjell Morten på telefon frå elvebredden i Etne, kor han nettopp har tatt på land ein laks på 5 kg.

Regn kan gje meir laks

Dette var akkurat ei veke etter opning av elva, som har vore svært låg.

Noko nedbør førre helg, og ein del stor fisk som står i munningen og vil opp, har gjeve fiskarane snev av håp.

No er det meldt godt med nedbør fredag og utover i heile neste veke, så då kan det bli meir fart i Oselvo.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.