Sport | 16. juni 2011

Landa på 2. plass

Med 5-0 over Austevoll sikra Os seg 2. plassen. No hamnar dei i opprykksavdelinga.

Landa på 2. plass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juni 2011 21:08

Os - Austevoll/Selbjørn 5-0 (4-0)
Målskårarar: Linn Helen Thuen 3, Caroline Nilsen og Nina Haugland
Os: Amalie Bøyum, Silje Pedersen og Mariann Øvredal (midtstopparar), Monica Noreide og Charlotte Balland (back), Heidi Kloven og Nina Haugland (sentral midtbane), Ingunn Haukanes og Marthe Haugland (ving), Linn Helen Thuen og Caroline Nilsen (spiss).
Innbytarar med speletid: Synne Berg, Mathilde Lassen, Cathrine Nielsen og Therese Hjelle (keeper, sto 2. omgnag).

Måndag spelte Os siste kamp for vårsesongen. Den enda med solid 5-0-siger over Austevoll/Selbjørn.

– Dette var blant dei betre laga vi har møtt i det siste, men jentene våre har verkeleg funne både formasjonen og formen og gjorde nok ein sterk kamp, seier trenar Rune Balland.

– Gode keeparar og sterk forsvarsrekkje gjer resten av laget trygt og offensivt, vi står høgt og skaper mykje.

Ny serie til hausten

Årets 4. divisjon speler splitta serie, der dei fire beste laga i kvar av dei to avdelingane i Hordaland blir samla i éi avdeling, dei svakaste i éi.

Os har vunne 5 av 7 kampar og hamna på 2. plass bak Fyllingen.

SJÅ TABELL

Håp om opprykk?

Frå avdeling 1 går Fyllingen, NBK/Eikanger/Kvernbit vidare saman med Os og eitt anna lag (ikkje avgjort enno, då nokre kampar ikkje er spelt). Fire andre lag speler i den svakaste avdelinga.

I avdeling 2, som har 10 lag, ligg Tertnes, Rosendal og Fyllingen 2 og Bønes best an, men heller ikkje her er alt avgjort.

– Går det mot opprykk no, med berre to tap og stigande formkurve?

– I avdelinga vi hamnar i frå hausten av går to lag vidare. Vi kjem til å gå for å vinna mest mogleg, men har ikkje noko uttalt mål om opprykk i år. Vi skal først og fremst ha det kjekt og utvikla oss som spelarar og lag, eit eventuelt opprykk blir rein bonus, seier Balland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.