Sport | 07. juni 2016

Landslagsutøvarar skal kappsykla over Ulvensletta

Emilie Moberg og Vita Heine er blant deltakarane i Ulven Tempo, som har start klokka 18 i dag.

Landslagsutøvarar skal kappsykla over Ulvensletta
Emilie Moberg og Vita Heine deltar i Ulven Tempo i dag. (Foto: Teamhitecproducts.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juni 2016 07:07

Første mai arrangerte CK Henie den tradisjonsrike Os Rundt, i ettermiddag er det klart for det andre av dei to årlege ritta klubben arrangerer, Ulven Tempo.

Mens Os Rundt er eit turritt, ope for kven som helst, er Ulven Tempo for aktive ryttarar. Likevel gler dei seg ekstra over kven som deltar.

– Det har dukka opp nokre proffe syklistar på startlista, både juniorsyklist Erik Vevatne Øverland frå Team Fixit og Emilie Moberg og Vita Heine frå Team Hitec Products skal delta, fortel Yngve Sælen frå CK Henie.

– Både Moberg og Heine er del av landslaget.

– Veit du kvifor dei kjem til Ulven Tempo i år?

– Det er tilfeldigheiter, og vi like tilfeldigheiter, seier Yngve og ler.

– Emilie Moberg er frå Halden, men har svigerfar frå Fana, og han er sjefskommissær under rittet, forklarer Sælen.

Start og mål ved Røde Kors

I skrivande stund står det 79 deltakarar på startlista til Ulven Tempo.

Rittet plar starta ved Ulvenparken, men når Ulvenvegen er stengt er start ved Røde Kors-huset i Kolskogen og mål litt lengre inn mot Os vgs.

– Vi har to løyper, dei yngdte syklar 5 km, dei andre syklar 10 km.

– Den lange tempoløypa går over Ulvensletta og Skeisflaten med vending ved busshaldeplassen nedanfor Hagavik Hjemmebakeri.

– Reknar du med ny løyperekord med så gode deltakarar?

– Eg trur den gjeldande løyperekorden er 12,21, men no har vi litt annan plassering på start og mål, så løypa er ikkje lik. Men ja, eg reknar med gode tider i dag, seier Yngve, og minner andre trafikantar om å visa omsyn til rittet som startar klokka 18 i dag.

Les òg:
• Brattabø vann klassen sin i Bergen-Voss
• Tour de Fjords startar i Os (31. august)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.