Sport | 31. juli 2016

Landsskytterstevnet er i gang

Os Skyttarlag er på plass med 18 skyttarar i Målselv i Troms.

Landsskytterstevnet er i gang
Os Skyttarlag samlast til grilling på campingplassenb laurdag kveld. I dag er dei første skyttarane i gang. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2016 06:41

Øvre Målselv skytterlag er for 7. gong vertsskap for Landsskytterstevnet og eit stort reisefølgje frå Os har tatt turen til Målselv og Bardufoss i Troms.

– Mange av oss har køyrd oppover og tatt turen som ein ferie, andre har tatt Hurtigruta opp for å få bilen med seg, fortel Jan Kristian Evensen.

Fleire bur saman på camping, andre er på hotell i Bardufoss eller innkvartert privat eller i Skjold militærleir.

Tjuvstarta med noregscup

Jan Kristian og døtrene var blant dei som kom tidleg og fekk med seg noregscup før Landsskyttarstevnet kom i gang.

– Amalie og Sofie skaut godt, men resulata er ikkje klare, sa Evensen laurdag ettermiddag.

Deltakarar i neste alle klassar

LS2016 opna formelt fredag kveld, i skrivande stund (08.35) skal dei første osingane i sving.

– Vi har 18 skyttarar frå Os og vi er representert i alle klassar utanom tre.

NRK skal følgja Landsskyttarstevnet tett og sender åtte timar frå Målselv onsdag, frå kongelaget torsdag kveld og frå cowboyskytinga fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.