Lokal | 24. sep. 2017

Lang kø mot Halhjem

Ein drosje som prøvde å legga seg på utsida av køen skapte kø også motsett veg.

Lang kø mot Halhjem
Då denne drosjen la seg ut fekk også trafikken i retning Os litt å bryna seg på. (Lesarbilde, foto: Hans Kristian Høines)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. sep. 2017 17:32

Bildeserie:

Køen vaks seg fort større på Haugland. (Lesarbilde, foto: Hans Kristian Høines)
Køen vaks seg fort større på Haugland. (Lesarbilde, foto: Hans Kristian Høines)
Køen går i skrivande stund til Reset. (Google Maps)
Køen går i skrivande stund til Reset. (Google Maps)
1 av 2

Søndag i 19-tida fekk Midtsiden tips om kø på Haugland retning Halhjem. Dei ti siste minutta har køen, ifølgje Google Maps sin «trafikken direkte» vakse forbi Reset.

Samtidig fekk vi eit bilde av noko som såg ut som ein kollisjon.

– Det er ikkje ein kollisjon, men ein drosje som skulle vera smart og la seg utanpå køen skapte litt kaos ei stund, fortel Hans Kristian Høines.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt seier han ikkje kjenner til køen på E39 Halhjemsvegen.

• Skjer det noko der du er? tips@midtsiden.no / vakttelefon 97975200

Køen skuldast truleg stor trafikk mot ferjene Halhjem-Sandvikvåg og Halhjem-Våge etter at over 100.000 var publikum siste dag i sykkel-VM i Bergen bur sør for Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.