Lokal | 26. des. 2010

Lang leiteaksjon i natt

Politiet natt til 2. juledag: Full mann på Halhjemsvegen, bevisslaus kvinne i sentrum og leiteaksjon etter forsvunnen gut.

Lang leiteaksjon i natt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. des. 2010 09:38

Klokka 3.30 natt til sundag fekk politiet melding om ein sakna ungdom. Kameratar meldte frå då guten, som var tynt kledd, ikkje var å finna. (Retta versjon: Politiet fortalte først at dette var på Søfteland, og bur i Lysefjorden, noko som viser seg å vera feil)

- Vi søkte med tre patruljar, blant anna hundepatrulje, i tillegg var vennar av guten ute på søk, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Konrad Grindeland.

Klokka 7.30, fire timar etter at leiteaksjonen starta, fekk politiet melding om at guten var funnen og tatt hand om av nokon som bur nær Os sentrum.

- Eg veit ikkje korleis han har tatt seg til Os eller kva som førte til at desse hadde tatt han inn i varmen, men om guten har vore utandørs alle desse timane så er det lenge når det er så kaldt som no.

Full mann, fullare kvinne
I 2-tida i natt fekk politiet melding om ein full mann som gjekk langs vegen på Halhjem. Patruljen fann mannen og kjørte han heim.

I 3-tida fekk dei melding om ei svært rusa kvinne på ein utestad i Os sentrum. Kvinna blei henta og tatt hand om av helsevesenet.

- Ho skal ha vore svært rusa, i periodar var ho også bevisstlaus. Store mengder alkohol kan vera årsaka, men ho kan også ha fått i seg noko anna, det veit vi ikkje noko om, seier Grindeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.