Lang semifinale
Lysekloster leia semifinalen 2-0, men kampen om krinsmeistertittelen gjekk til ekstraomgangar.


Lysekloster vann i år 7. divisjonsavdelinga si, og rykker direkte opp til 6. divisjon. Sundag spelte avdelingsvinnar Lysekloster semifinale på bortebane i kamp om krinsmeistertittelen.
- Vi møtte eit Smørås 2 der omtrent alle på laget har spelt for førstelaget i 3. divisjon i år. Kampen starta med at vi blei litt overraska over tempoet, men så overtok vi styringa, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Daniel Fosse og Joakim Hovden sørgja for 0-2-leiing, men så hadde Lysekloster eit uhell bak på banen.
- Keeperen vår og forsvarsspelaren vår hamna i kvarandre då dei gjekk etter ballen, og ballen hamna i mål.
1-2 sto seg til pause. I andre omgang måtte Lysekloster klara seg utan den tidlegare SIF-spelaren Thomas Sandal. Heimelaget tok over og utlikna før slutt.
- Men då kampen gjekk over i ekstraomgangar overtok vi kontrollen igjen. Arvid Søvik gav oss 2-3 i første ekstraomgang, og vi heldt leiinga til slutt, fortel Sandal.
Førstkomande sundag spelar Lysekloster finale. Det er førebels uvisst kva bane denne skal gå på.
- Eg har høyrt at Frøya 3 slo Hovding 2 8-6 etter straffekonkurranse, så det er nok Frøya, som også spelte semi på bortebane, vi skal møta.