Lokal | 14. feb. 2019

Lange køar over Vallaheiane

Vogntog med fisk har køyrd av vegen på E39.

Lange køar over Vallaheiane
Bergingsbil kom til staden før klokka 11. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. feb. 2019 07:47

Torsdag i 07.50-tida køyrde eit vogntog i grøfta på E39 Osveien på Vallaheiane.

Vogntoget, som var på veg til Os, køyrde utfor på by-sida av toppen.

Det er manuell dirigering på staden, men det er lange køar i begge retningar.

– Det eine køyrefeltet kan bli stengt i lengre tid grunna oppryddingsarbeid, fortel politiet via Twitter.

På Google Maps si trafikkovervaking ser vi at det er kø eller saktegåande trafikk frå starten på stiginga på begge sider.

Også ved Lysekloster og frå Fana kirke til Stend ser trafikken ut til å gå seint.

OPPDATERT: Rundt klokka 11 meldte politiet av vegen var opna for normal ferdsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.