Lokal | 14. mai 2014

Lange køar på E39

Skal du kjøra mellom Os og Bergen i kveld bør du ikkje ha det travelt.

Lange køar på E39
Rundkjøringa ved UnoX onsdag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. mai 2014 20:40

Midtsiden får onsdag kveld melding om lange køar på E39 i Os.

For ei god veke sidan starta arbeidet med skraping av delar av Byvegen, no held arbeidet med nytt dekke tydelegvis fram for fullt.

– Det er lange køar mellom Søfteland og UnoX ved Industrivegen, fortel ein Midtsiden-lesar.

Arbeidet med å legga nytt dekke tar lengre til enn fjerninga av gamalt dekke, og frå 20 om kvelden til nærmare 6 om morgonen kjem det truleg til å vera kø og dirigering fleire kveldar og netter den neste veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.