midtsiden

Lange kveldar

Frosne vassrøyr: - Det gjer vondt å måtte seie nei, men vi rekk ikkje over alt, seier røyrleggjarmeister Stig Nilsen.

Av: Andris Hamre

Røyrleggjarane i Os har travle dagar med å tine opp att frosne vassrøyr. Mange har ikkje lært frå førre vinter og har ikkje sikre seg godt nok.

- Berre sundag hadde eg seks telefonar som gjekk på frosne røyr, fortel Nilsen som opplev omtrent same pågongen i år som i fjor.

- Eg har eit par sjukemeldingar hos arbeiderane mine, så eg må prioritere dei faste kundane og seie nei til endel av dei som ringer, seier Nilsen som likevel freistar å hjelpe innimellom andre oppdrag.

- Det er jo nokre gode opplevingar oppi det heile og då. Det varma godt om hjarte å sjå lykka hos småbarnsfamilien med ungar på fem-seks  månadar når dei fekk at vatnet i går kveld, smilar Nilsen.

Gjengangarar
Kjetil Engelsen er ein av dei andre røyrleggjarane som har hendene fulle om dagen og som må si nei til oppdrag.

- Eg har eindel bygg som skal være ferdige til jul, så kapasiteten er i utgangspunktet sprengt, seier Kjetil Engelsen.

Han fortel at eindel av dei som ringer er dei samme som ringte då det var som kaldast i fjor vinter.

Betre enn i fjor
Ein av dei som hadde det heilt Texas i fjor var Rørleggeriet.

- Det er ikkje så gale som i fjor, men vi merker at det er eindel som slit, fortel Marianne Jansen Rikstad på Rørleggeriet

- Vi blei ajour i løpet av i går kveld med dei tilfella som kom inn i løpet av helga, men to av dei klarte vi ikkje løyse fordi frosten hadde sete seg for langt frå huset, så der er det gravemaskinar på plass i dag, seier Jansen Rikstad.

Råda
Dei tre røyrleggjarane har nokre råd å komma med om du er i tvil om røyra dine ligg djupt nok.

  • Sørg for at røyra er isolerte.
    Problema oppstår gjerne der røyra går inn i huset. Dekk til med vintermatter og presening.
  • Sett på varme i kjellar og rom kor røyra kjem inn.
  • Installer varmekablar om mogleg
    Det finns varmekablar som kan leggast inne i røyra

Eit kjerringråd vil dei riktignok ikkje anbefala av hensyn til den kommunale vassforsyninga, nemlig det å la vatnet stå å dryppa slik at du sikrar ei kontinuerlig vassgjennomstrøyming.

Tom brønn
Eit anna problem for dei med privat brønn er at lite nedbør den siste månaden gjer at brønnane går er i ferd med å gå tomme, men det finns råd.

Brannvesenet i Os fekk ny tankbil tidligare i haust. Med denne kan dei levere drikkevatn i store mengder.

- No kan vi tilby levering av vatn som ei fast teneste, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Sålangt har dei vore ute og fylt opp att to brønner. For 3000 kroner + meirverdiavgift kan du få fylt brønnen din med 10.500 liter reint drikkevatn.

- Det er berre å ringe brannvesenet på 915 68 590 om brønnen går tom, avsluttar Gjøsund.

Fleire saker