Langedalen, den kommunale vegen mellom Lyseklostervegen og Søfteland, blir stengt onsdag formiddag. (Arkivfoto: KVB)

Langedalen blir stengt i to timar

Onsdag formiddag er det vedlikehald på snarvegen mellom Søfteland og Lysekloster.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag frå klokka 9 til 13 er den kommunale vegen over Langedalen stengt for gjennomkøyring.

Årsaka er vedlikehald på vegen, melder Os kommune.

Langedalen var òg stengt i ein månad i september i fjor, og ei knapp veke i oktober.

Fleire saker