Kultur | 10. mars 2011

Langeland lokka Rihanna

22.000 billettar til Rihanna-konserten i Bergen gjekk unna i ein fei. Stemninga på eit Langeland-bilde er årsaka til at ho kjem.

Langeland lokka Rihanna
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mars 2011 06:27

Tysdag blei 5000 billettar røska vekk, onsdag gjekk dei resterande 18.000 billettane unna. Onsdag 17. august speler den populære jenta frå Barbados, Robyn Rihanna Fenty, betre kjent som Rihanna, konsert på Koengen i Bergen.

Årsaka til at ho kjem skal vera stemninga på Koengen som fotograf Vidar Langeland frå Os fanga under den utselte Coldplay-konserten i august 2009.

– For det første foreslo personar høgt i systemet at Koengen ville vera ein attraktiv arena for Rihanna. Men vi har også brukt BA-bildet for å selja inn arenaen til artistar vi ønskjer. Det er noko med lyssetjinga og innramminga som viser at Koengen er spesiell. Det syntes folka til Rihanna òg, seier arrangør Frank Nes i Bergen LIVE til BA.no.

Rihanna gjer berre fem konsertar i Europa i 2011. Bergen LIVE er derfor ekstra stolt for å få den populære artisten til Vestlandets hovudstad.

I tillegg til konserten på Koengen skal Rihanna også på scenen i Oslo, søndag 30. oktober held ho konsert i Oslo Spektrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.