Kultur | 16. juli 2015

– Langt framfor fjoråret

Få full kontroll på Osfest 2015: Her er status på billettsal, camping, frivillige - og kva som er nytt av året.

– Langt framfor fjoråret
Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juli 2015 14:24

Bildeserie:

Frå Osfest 2014. (Foto: KVB)
Frå Osfest 2014. (Foto: KVB)
Festivalområdet går samanhengande ned til VIP-teltet i år.
Festivalområdet går samanhengande ned til VIP-teltet i år.
1 av 2
Frå Osfest 2014. (Foto: KVB)
Festivalområdet går samanhengande ned til VIP-teltet i år.

I morgon er det to veker til Osfest startar. Billettsalet ligg eit godt stykke framfor fjoråret.

– I 2014 selte vi over 70 prosent av billettane siste veka før festivalen. I år har det tikka jamt inn etter påske og frå 1. juni har vi selt billettar og pass kva einaste dag.

Cruisa med MS Midthordland har noko ledig plass. Fredag er det fullt (med nokre få restplassar som snart blir lagt ut), laurdag klokka 16 er det få ledige plassar, mens laurdag klokka 14 er det plass til endå fleire.

– Tar vi med cruisebillettane har vi 1200-1300 selte billetar til no, noko som er meir enn kva vi selte på Billettservice til saman i fjor, fortel Tor Egil Hylland.

Årets festival byr på ...

FREDAG
• Cruise med MS Midthordland kl 15.00: Halvdan Sivertsen og Jace Everett
• VIP-telt frå klokka 15.30: Haavard Skaatun og Terje Frigaard
• Hovudscenen: Elvira Nicolaisen (18), Halvdan Sivertsen (19.20), Elg (20.40), Gabrielle (22.15) og Morten Abel (23.50)

LAURDAG
• Cruise kl 12, 14 og 16 med Terje Frigaard
• Oseana kl 13: Stjerneteller med Christine Sandtorv
• Oseana kl 16: Jazzkafé
• VIP-telt frå klokka 15.30: Elvis-show med Kjell-Elvis og Twang Gang, konsert med MK's Marvellous Medicine
• Hovudscenen: Bendik Brænne (18), Monica Heldal (19.20), Jace Everett (20.40), DeLillos (22.00) og Kurt Nilsen (23.50)

Riggar kontor ved kyrkja

I fjor hadde Osfest festivalkontor i servicebygget på gjestebrygga, i år blir det kontor ved det gamle kommunehuset (tidlegare Galleri Oz) frå og med laurdag 25. juli.

– Det er først denne laurdagen vi byrjar å selja billettar lokalt. på festivalkontoret blir det også sentral for frivillige, som kan koma og henta t-skjorter og slå av ein prat før det heile brakar laus.

«Manglar» 25 frivillige

Interessa for å jobba dugnad under festivalen har vore stor, både i år og i fjor.

I 2014 hadde Osfest 340 namn på lista, 310 møtte og jobba med ulike oppgåver ein av dagane.

– Vi hadde fleire enn vi trengte i fjor, men ønskjer å vera godt førebudd. No har vi 285, så vi håper på å få med nokre fleire.

Osfest har frivillige også utanfor Os, folk som gjerne reiser frå stad til stad fordi dei liker den delen av festivallivet.

Hipp å vera VIP?

Ved sidan av sponsorane kan sivile i år kjøpa seg VIP-pass.

Kva fordel får du for desse knappe 300 kronene ekstra?

– Du får to ekstrakonsertar per dag. Elvis-showet om laurdagen er éin av dei. VIP-teltet er dessutan romsleg og fint med kort kø i baren, og med tak om det kjem litt regn.

Nytt i år er også at det er festivalområde mellom hovudscenen og VIP-teltet, du slepp å gå ut av det eine for å sjekka inn i det andre området.

Ung på Osfest

Ungar og ungdom som vil på Osfest er velkomne på det same området som resten, ikkje fysisk skilt frå dei andre.

Men det blir laga eit eige, alkoholfritt familieområde i hjørnet mot minneparken for dei som vil halda ungane sine på avstand frå vaksne på fest.

– Ungar frå 13 år og ned kjem gratis inn, ungdom frå 14 til 17 år betalar halv pris og kan koma åleine.

– Dei har eige ungdoms-armband, så dei får ikkje kjøpt noko i baren, i tillegg har vi mange streifvakter som passar på at ikkje det blir inntatt alkohol av dei under 18 år.

På dagtid laurdag er det eigen barneframsyning i Oseana, Stjerneteller med Christine Sandtorv og lokalt barnekor.

Fleire vil på camping

I 2014 var det greit med båtar i hamna, to-tre telt på Kuven Farm Camping, fire campingvogner på Moberg og 4-5 bubilar ved Rema Kuvenstasjon.

– Det ser langt lysare ut i år, eg trur rett og slett godvêret kjem denne festivalhelga, seier Inger Botnevik frå Kuven.

I år stiller ho selskapslokalet Mathiaskjellaren til disposisjon for camparar som vil ha ei varmestove.

– Vi har for lengst leigd ut dei to hyttene våre, og har fått bestilling på plass til både bubil og campingvogn. Og vi har plass til fleire, seier Inger.

Rema 1000 Kuvenstasjon har bubil-parkering også i år. Denne er det kjøpmannen som organiserer.

Nachspiel for alle

Solsiden har, som i fjor, det offisielle nachspielet til Osfest.

Mens du i 2014 måtte ha festivalpass for å koma inn er det i år ope for alle.

– Du treng ikkje Osfest-pass verken på Peppes eller Solsiden i år, seier Tor Egil.

Nytt i år er også at det blir frivilligfest allereie dagen derpå, om søndagen.

– Det er fint å ta seg ei samling mens minnene er ferske, etter litt dugnasinnsats med rydding. Søndag frå 17-18-tida blir det skalkefest i VIP-teltet for alle frivillige. Då er det også duka for at vi får tilreisande dugnadsfolk med oss.

Transport til Bergen og Fusa

Sponsor Os Taxi har samarbeid med Turbuss Vest og organiserer to nattbussar frå Os til Bergen per natt, den siste går klokka 03.15 frå Best-stasjonen.

MS Midthordland kjører til Skjørsand ved Venjaneset i Fusa begge nettene, med avgang frå Os klokka 02.30.

– Det blir nachspiel om bord med musikk ved Haavard Skaatun, fortel Hylland, som ser fram til å koma seg på gateplan med festivalkontor ved Kyrkjeflaten.

Osfest 2014 - sjå videosamandrag på 7 minutt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.