Kultur | 26. nov. 2018

Lanserer Osroso-kake

Hanne's har laga si eiga signaturkake. Laurdag blir det lansering med element av strikking og maling.

Lanserer Osroso-kake
Konditorane Anna Hjelle (t.v. og Hanne Hansen baker minst 20 Osroso-kaker før lanseringa laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. nov. 2018 11:09

Hanne's Konditori i Brugata var ikkje sein med å snu seg rundt då «rosedamo på rådhuset», tidlegare varaordførar Laila Marie Reiertsen, kom innom for å servera ein idé.

– Eg meiner eit konditori som Hanne's bør ha si eiga signaturkake, og kom med forslag om at denne kunne heita «Osroso», seier Laila.

Ho står òg bak initiativet som førte til at Dale Garn i august lanserte strikkeoppskriftene med same Os-mønster.

– Eg tenkte òg at ei Osroso-kake er ei som gjerne kan vera glutenfri og litt sunn, legg ho til.

Mønster frå Os på toppen av «bjørnafjordenbær»

Konditor Hanne Hansen ler når vi spør om kaka er sunn.

– Vi bruker mørk sjokolade, og det er jo litt sunt. Men vi håper først og fremst at folk synest den er god.

Hanne har forma si eiga oppskrift. Kaka får ein nøttebunn, så det er litt å bita i, og mousse av mørk sjokolade. På toppen er kvit glasur og pynt med rosa og gult.

– Kvit botn er jo karakteristisk for rosemalinga frå Os. Pynten blir fosøkt gjennomført i Osroso-mønster. Eg har førebels ikkje brukt blått, men det kan koma seinare.

Konditorane Hanne og Anna Hjelle slår òg eit slag for kommunesamanslåing, og fyller kaka med litt bjørnebærgelé. For Bjørnafjorden si skuld. Og fordi bjærnebær smakar godt.

Strikkebutikken og rosemalarar med på lansering

Laurdag skal det vera lansering av kaka, og Hanne og Anna baker for harde livet for å ha minst 20 kaker klare til prøvesmaking og sal.

– Strikkebutikken blir med på lansering, og køyrer rabatt på garn brukt til Osroso-kolleksjonen frå Dale. Vi har òg tilbod på kaker som blir bestilte laurdag, ikkje berre den nye signatur-kaka vår, men alle variantar.

Dei fremste rosemalarane i Os, Torunn Rød Farsund og Hjørdis Juvik, er òg inviterte, ikkje berre til å smaka, men til å selja rosemalte gjenstandar som folk kan kjøpa til seg sjølv eller i gåve.

– Vi håper òg at dei som har strikka seg eit Osroso-plagg har på seg dette på lanseringsfesten.

Dei mest populære til no

Hanne's Konditori og Musikkbar opna våren 2017. Ved sidan av ulike kaker i bestilling blir det bakt til eigen disk for kafégjestane.

– Sjokoladekake, ostekake og kvit dame er bestseljarane til no. Napoleonskake og rombollar må vi òg alltid ha i disken, elles varierer vi utvalet ein del, så folk kan smaka nye ting.

– Osroso-kaka er naturlegvis ikkje den første vi har eiga oppskrift på. Vi har vår eigen vri på oppskrifta til standardkakene òg, men dette er den første som er vår frå botnen til toppen, og vi er spente på korleis den slår an. Vi kjem til å baka ulike storleikar til laurdag, folk treng ikkje ha plan om det store besøket for å kjøpa med seg heim ei eiga kake, seier Hanne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.