Lokal | 08. apr. 2014

Lanserer Øyro-logo

Kommunen lanserer eigen grafisk profil for «Liv på Øyro». - Det er viktig å skapa eit ansikt på den positive endringa som no skjer, fortalde Kåre Mongstad.

Lanserer Øyro-logo
Ny profil for «Liv på Øyro» vil prega Osøyro i sommar (ill: Kåre Mongstad/Loops AS)
Andris Hamretysdag 08. apr. 2014 12:04

Prosjektgruppa for «Liv på Øyro» har fått reklamebyrået Loops til å utarbeida ein logo og ein felles grafisk profil for kommunen sin aktivitet på Øyro. Tysdag var det duka for ei premiere i formannskapet då logoen og tankane bak blei presentert.

– Dette er eit delprosess i prosjekt «Liv på Øyro».

– Mykje av prosjektet tar noko tid, men dette delprosjektet vil vera med på å fokus på dei tinga som skjer på Øyro allereie no, forklarte ordførar Terje Søviknes (Frp) då han introduserte Kåre Mongstad frå Loops.

Byggjar på historia

«Liv på Øyro»-logoen byggjer på dei ni stjernane/rosene i kommunevåpenet til Os kommune.

– Eg har latt meg fortelja at dei opprinneleg symboliserte dei ni skulekrinsane som var i Os.

– Denne logoen, skal som kommunevåpenet, vera ein del av identiteten til kommunen og osingane. Difor har det vore viktig å bygga vidare på den grafiske profilen som allereie ligg i Os kommune, forklarte grafikaren.

Farger skapar liv

Ved å trekkje ut rosene frå kommunevåpenet og stilisera desse som pluss-teikn, har Mongstad skapt fleire nye grafiske uttrykk for prosjektet i tillegg til sjølve namnet på logoen.

– Dei fleste av oss tenkjer i bileter. Når du høyrer eit namn, prøver du å assosiera det med eit ansikt. Her har vi freista å skape eit "ansikt" for «Liv på Øyro».

– Vi såg raskt at elementa trengde mykje farge.

– Det skaper liv, og det er jo nettopp det vi er på jakt etter, smilte Mongstad, med referanse til namnet på prosjektet.

Gjennom kombinasjon av fleire pluss-teikn, kjem fleire fargar fram og ein får eit heilskapleg sentrum av mangfald.

Må ha tolamot

Formannskapet likte det dei såg, men Lars Atle Skorpen (Ap) fann det likevel på sin plass å minna seg sjølv og dei andre formannskapsmedlemma på naudsynet av å ha tolmod.

– Eg trur mange, meg sjølv inkludert, undervuderer effekten av grafiske element i kommunikasjonen. Levetida på eit positivt prosjekt blir mykje lengre om det blir forsterka av det grafiske. Assossiasjonen til bodskapet kan bli forsterka når du ser symbola i ettertid.

– Difor må vi våga å bruka det lenge nok for at det skal få effekt. Det er ikkje gjort på ei veke, ein månad eller ein sommar.

– Her er det berre å peisast på, men vi må ha tru på avgjera og vera lojal mot den.

– Når no til og med leidningane i veggane på rådhuset har blitt oransje så visar berre det at det nyttar, påpeika Skorpen.

Skal liva opp sentrum

I løpet av våren kjem feste for om lag 60 bannarar på plass på lyktestolpene i og rundt Osøyro.

– Vi får berre vera litt forsiktige med bruken av tekst på dei bannerane.

– Det harmonerar dårleg med teksten «Liv på Øyro» ein onsdagsettermiddag klokka 17 om det ikkje er folk i sentrum, kommenterte Espen Aspenes (Frp).

– Vi heng opp festeanordningane no. Så vil desse bannera bli nytta i perioder.

– I tillegg vil vi tilby andra arrangører av større arrangement å bytta ut bannere i perioder. Allereie no kan eg røpa at Festspill-helga i Oseana kjem til å bli synleg.

– Osfest går med dei same planene, og om sentrumsforeninga ønskjer å markedsføra sine arrangement så vil det òg la seg gjera.

– Men vi merker oss kommentar din, forsikra Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.