Næringsliv | 08. sep. 2010

Lanserte C62

I vår var det premiere på Askeladden P66 Pilothouse, under «Båter i Sjøen» i starten av september lanserte Askeladden Boats nok ein ny modell.

Lanserte C62
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. sep. 2010 11:29

Den populære daycruiseren Askeladden 605 er fasa ut til fordel for ein storebror, Askeladden C62 Cruiser. Under den flytande messa Båter i Sjøen i Oslo den første helga i september var det lansering av den romslege turbåten på drygt 6 meter.

Sengeplass til fire
Askeladden stilte med fem båtar på messa i Oslo, ein av dei var den nye cruiseren.

– C62 er ein sporty familiebåt med god overnattingsplass og komfort i forhold til lengda på båten, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Med overnattingsplass til fire, smart pantryløsning med vask, dusj, ferskvatn og kokeapparat kan C62 vekka trefotssjuka hos dei fleste med ein noko mindre daycruiser i brygga.

Det er overnattingplass til to i cabinen og to på benken som enkelt kan gjerast om til dobbeltseng eller solseng. C62 har også spyletoalett med septiktank.

- Båten blei godt motteken på messa, både hos publikum og forhandlarane, seier Bergaas.

- Vi ser at publikum ønskar meir komfort mellomanna med spyletoalett. Pottipotti-løysinga held ikkje lenger. Dei fleste vil ha fullversjonen sjølv om den koster litt meir, fortel marknadssjefen.

- No har vi teke prototypen heim til Os for å gjere den siste finpussen for å oppfylle krava til CE-merking.

- Uti oktober startar vi den ordinære produksjonen av C62. Ordrebøkene dekkjer allereie produksjonen av C62 fram mot jul .

Bergaas fortel at ordrane kjem frå forhandlarane, men at det allereide skal være nokre forhandlarar som har selt båtar vidare til sluttbrukar.

Todelt kalesje
Som 605 er det påhengsmotor som skal driva båten. Fabrikken anbefalar 115 til 150 hestekrefter på den 6,10 meter lange båten.

Som fleire av dei andre større cruisarane har C62 todelt kalesje med kalesjegarasje, ei luke å legga kalesjen i når den ikkje er spent opp.

Askeladden C62 Cruiser
Designkategori: C
Personar: Max 6
Lengd: 6,10 m
Breidd: 2,33 m
Vekt u/motor: ca. 1.000 kg
Drivstofftank: 140 liter
Vanntank: 40 liter (TopLine)
Septiktank: 40 liter (TopLine)
Motor: 115 - 150 HK

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.