Lanserte lokal tskjorte-kolleksjon
– Vi har allereie fått forslag på fleire stadnamn som motiv, seier Kay André hos Dysvik Clothing.
Bildeserie:
Hugsar du solbrillene med Os inspirerer-logo som Os kommune i si tid delte ut?
Og går vi tilbake til 80-talet, vil du kanskje hugsa t-skjortene med «Opplevelse & kos, 5200 Os».
No har Dysvik Clothing i Brugata teke opp att stafettpinnen med å laga lokal stadsreklame.
Osøyro, Bjørnafjorden og Osablod
– Vi har jobba med konseptet og ideen i nokre månadar, og like før helga kunne vi endeleg legga t-skjortene ut for sal.
Dette fortel Kay André Dysvik hos Dysvik Clothing i Brugata.
Butikken har no trykt opp eit begrensa utval t-skjorter med kjende, lokale namn som motiv.
– Etter ein god runde med research og diskusjon, landa vi på å trykka t-skjorter med «Osøyro», «Bjørnafjorden», og «Osablod» på, seier Dysvik.
Eit stunt og ein hyllest
Dysvik fortel at det heile er eit stunt for å hylla det lokale, og for å sjekka interessa for lokalpatriotisme i marknaden.
– T-skjortene er sjølvsagt eit perfekt minne for turistar som besøker Os, men dei kan òg vera ei gåve til osingar og bjørnafjordingar som bur andre stadar i verda.
– Kom med tips!
Dysvik, som driv butikken saman med kona Tanya Kulyk, fortel at det ikkje er avklart om dette blir ein permanent kolleksjon, men den ligg allereie an til å bli utvida.
– Vi vil gjerne ha tips på andre stadsnamn frå Os og Bjørnafjorden som det kunne vore gøy å trykka på ei t-skjorte eller ein hettegenser. Det har faktisk kome inn nokre allereie, som «Lysefjorden» og «Øyane».
– Korleis det har gått med salet desse første dagane?
– Vi har faktisk selt ein del allereie, og til no er det t-skjorta med «Osablod» på som ligg an til å bli ein bestseljar, avsluttar Dysvik.
Artikkelforfattar har ingen kommentar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.