Lastebil i grøfta - veg blokkert

Lyseklostervegen stengt etter uhell.

Uhellet har skjedd nær kloster-ruinane. (Lesarbilde/tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. apr. 2021 11:02

Litt før klokka 10.45 i dag blei det delt informasjon på Facebook-gruppa «Trafikkmeldinger Fanafjell» om blokkert veg ved Lyse kloster-ruinane.

– Vegen er stengt for store køyretøy grunna lastebil i grøfta, skriv meldar.

Bergingsbil skal vera på veg.

– Eg snudde og køyrde Søvikåsen, fortel ein annan tipsar.

– Heller ikkje personbilar kjem forbi, og det er ein del trafikk der no, seier innringar.

Ein forbipasserande som hjelpte til med dirigering seier at personbilar kom forbi heile tida fram til bergingsbil var på staden.

Uhellet skal ha skjedd under rygging.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.