(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lastebil knuste bergnabb

Politiet fekk i går melding om stein i vegbanen på Ulven og ein utanlands dørseljar som tok bilde av hus.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag klokka 15.40 hamna det store steinar i vegbanen på Lyseklostervegen, mellom Ulven leir og Åsen.

– Ein lastebil skal ha vore borti ein fjellvegg, og knuste laus stein, som landa ut i vegbanen. Vegen var ikkje heilt sperra, trafikken kom seg forbi, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.

Politi og ein entreprenør rykte ut til staden, og vegen var rydda igjen rundt klokka 16.

Reagerte på fotografering

På kvelden måndag fekk politiet melding om ein utanlandsk dørseljar som tok bilde av hus.

Han presenterte seg som ein polsk medisinstudent, og ville selja nokre trefigurar han sa han hadde laga sjølv.

Då han gjekk frå den eine bustaden i Varåsen blei det observert at han tok bilde av huset. Vedkomande regaerte på dette, og kontakta politiet.

– Seljaren skal ha sagt at han ikkje tok bilde av huset, men av fjorden. Men frå dette området ser du ikkje fjorden, fortel Fimreite.

Ein patrulje køyrde ut litt før klokka 21, men fann ikkje mannen.

– Vi veit ikkje om han var i uærleg ærend, men minner om at det er lurt å låsa døra når du ikkje er heime, eller om du er i ein etasje der du ikkje høyrer om nokon opnar døra.

Fleire saker