Kultur | 23. aug. 2019

Laurdag kan du få prøvetur i seglfly

Os Aero Klubb arrangerer open flyplass på Ulven.

Laurdag kan du få prøvetur i seglfly
Med instruktøren i baksetet får passasjeren god utsikt - og elevar i undervising får gradvis overta kontrollen på flyet. (Arkivbilde frå 2012: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. aug. 2019 09:32

I samband med «Nordisk seilflydag» har Os Aero Klubb laurdag open flyplass der du kan få ein smakebete av ein litt ennleis hobby.

– Vi startar klokka 11 og held fram utover dagen, seier seglflyelev og medlem i aeroklubben, Trond Strømme.

– Å fly utan motor er ein fantastisk hobby! Seglfly kan tilbakelegga fleire hundre kilometer i fleire timar, berre på energi frå sol eller vind.

Til sterkt redusert pris kan du få ein tur med naturkreftene som motor. Det blir òg sjanse å prøvesitja «Luftsportens Ferrari» og å få informasjon om vegen til seglflysertifikatet.

Arrangementet er del av ein nordisk kampanje for å gjera sporten meir kjent.

Aldersgrense: 14 år

Flyklubben på Ulven har moderne, toseters seglfly til opplæring. Instruktøren sit bak og lar eleven i framsetet overta meir og meir etter kvart som erfaringa kjem.

I tillegg til sjølve manøvreringaav flyet handlar mykje av flyginga om å finna og utnytta luftstraumar som tar flyet med seg opp i luftrommet.

Aldersgrensa er på berre 14 år.

– Skuleprogrammet er velutprøvd. Det blei utvikla før og etter andre verdskrig, og gir elevane ei fin oppleving av gradvis å meistra flyet.

– Flya som blir brukte til opplæring har eit vingespenn på 17-20 meter. Dei er bygde i glasfiber, og det er tyske fabrikantar som er stort sett einerådande på denne marknaden.

Har 150 medlemmar

Os Aero Klubb held til på Vaksinen flyplass på Ulven.

Klubben har cirka 150 medlemmar og disponerer 7 seglfly og eit motorfly, dei har eiga flystripe, hangar og klubbhus.

– Laurdag er det open kiosk og duka for ein hyggeleg flyprat, seier Strømme.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.